Strutsberget (31.05.2020)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Breivegen (577m)
Endpoint Breivegen (577m)
Characteristic Hike
Duration 2h 06min
Distance 5.7km
Vertical meters 320m
GPS
Ascents Strutsberget (859m) 31.05.2020

Denne turen gjekk til Strutsberget. Trass i namnet møtte eg ingen strutsar på toppen.

Turen går delvis langs Prestvegen, som visstnok skal vere frå den gangen Sollia i Atndalen tilhøyrde Ringebu prestegjeld. Her er det til dels god sti, men viktig med godt kart når ein skal finne fram likevel. Frå stien omlag ved 740 m.o.h. tok eg av mot Strutsberget, her gjekk ikkje det noko tydeleg sti oppover.

Fin furuskog og fleire sandsteinsbenkar å forsere på veg opp. Ikkje veldig god sti antydar at denne "bynære" toppen neppe er blant dei mest besøkte i Ringebu.

Rett før toppen ligg denne stemningsfulle tjønna.
Rett før toppen ligg denne stemningsfulle tjønna.
Beskjeden varde på toppen.
Beskjeden varde på toppen.
Utsikt mot Rondane, Venabygdsfjellet, Muen m.m. mot nord.
Utsikt mot Rondane, Venabygdsfjellet, Muen m.m. mot nord.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.