Runde fra Losby (16.05.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Losby (175m)
Characteristic Jogging
Duration 3h 47min
Distance 23.4km
Vertical meters 1,050m
GPS
Ascents Romsås (341m) 16.05.2020 11:10
Mønekollen (347m) 16.05.2020 11:28
Liseterkollen (349m) 16.05.2020 12:27
Tonekollen sørøst (357m) 16.05.2020 13:18
Tonekollen (368m) 16.05.2020 13:20
Visits of other PBEs Losby Øvre Parkering (174m) 16.05.2020 10:42

Planglagt løpetur innover frå Losby blei kombinert med sanking av koller og åser i området. Langs grusveg opp mot Fiskelaushytta (pessimistisk tittel) før eg tok av nord opp skogslia langs eit tydeleg tråkk rett før ein kjem heilt inn til hytta. Fulgte tråkket heilt inn til Lusetjern kor eg kryssa bekken og runda rundt berget før eg fant ei fin oppstigning til Romsås og dagens første topp. Ned att same veg og rett opp på andre sida til Mønekollen. Peila meg herifrå inn på masta som står noko sør for Mønekollen, og herifrå går det skogsveg ned mot Arndalen. Denne fulgte eg eit stykke ned før eg tok rett inn sørover og gjennom granskogen til eg møtte på vegen som ender inne ved Drettvannet. Herifrå var plana opprinneleg å ta stien som i følge kartet går over Skålsjømyra inn til Skålsjøhytta, men denne kunne eg ikkje finne, så det blei løpt eit stykke austover før eg tok inn på vegen som fører inn til hytta. Herifrå går det sti langs austsida av Skålsjøen inn til Liseter. Veldig tydeleg tråkk i starten, men meir utydeleg etter kvart som den går over våtare myrterreng. Eg hadde fram til no klart kunststykke å halde meg relativt tørrskodd, og var ikkje freista til å skulle gjennomføre alle dei resterande kilometrane i våte sokker. Derfor tok eg meg relativt raskt rett opp lia langs ei tydeleg renne, og derifrå sørover til Liseterkollen. Fortsatte vidare rett sørover ned ei bratt og tett sørside, før eg på nytt kom inn att på stien til Liseter som no var rett så brei og lettgått. Dermed blei det eit langt løpestrekk inn til Lagmannsputten og vidare sørover til Tonevannet. Fulgte så stien austover og tok av på andre avkjørsel opp til Tonekollen for å raske med meg Tonekollen søraust på turen, samt å få laga ein liten runde av det heile. Vel oppe var det rett så fin utsikt over østmarka med skog og vatn i skjønn forening. Kort rast på toppen med varierande motivasjon for å skulle ta fatt på den no 9 kilometer lange heimvegen, men det var ikkje anna råd. Det bar ned langs ruta som frå toppen går litt mot nord for så å svinge ned sørover att. Retur til Lagmannsputten og denne gongen rett fram til eg igjen var tilbake på grusvegen som førte meg den 6.5 kilometer lange vegen tilbake til bilen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.