Herleg topptur med heile familien og overnatting på Noregs høgaste turisthytte. Trass i nokså bra vêrmelding vart det etterkvart nokså fuktig og surt. Vel framme på Fanaråkhytta gjekk ungane rett i soveposane for opptining :). Det skulle vise seg at det vart heile 70 gjestar denne natta fordelt på 34 sengeplasser på sovesalane. Til og med tørkerommet vart soveplassar(!), og sovesalane vart derfor tørkerom etter ein blaut dag. Men all honnør til betjeninga som organiserte dette på beste måte! Neste morgon kunne dei by på smakfull frukost med nybakte brød. Vi returnerte same vegen, og med opphaldsvêr, utsikt og nedoverbakke gjekk returen lett som ein plett!
User comments