Kroksleivhøe og førstebestigning av Krossbakkenosi (22.05.2020)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Sottjønnbu
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 00min
Distance 26.5km
Vertical meters 1,150m
Map
Ascents Grøntjønnhøi (1,856m) 22.05.2020
Krossbakkenosi (1,574m) 22.05.2020

Andre turdag frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven. Denne dagen var det ein del vind, så vi klødde oss litt i hovudet om kva som skulle vere dagens mål. Boven sikla på Sveinkollen, som han ville sjekke ut for innlemming i lista "Bovens Kremtopper i Norge". Men han var også svært interessert i Krossbakkenosi, som han venta store ting av. Om vi gikk for siste kunne vi jo også få med Grønntjønnhøi, som Kroksleiven var interessert i. Dessutan var jo dette to toppar det var vanskelig å ta igjen ved ei seinare anledning, om no samlemanien skulle melde seg att.

Etter ein svært fyldig frokost som nesten sende oss tilbake i senga for å kvile litt, sette vi kursen mot dei to sistnemnde toppane. Boven har skildra turen meir i detalj her (inkl GPS-spor).

På Grønntjønnhøi var det svært utfordrande vær, men Ove leda oss både opp og ned med GPSen.

Grønntjønnhøi
Grønntjønnhøi
Ufyselige greier. Lite folk å sjå. Vi såg nesten ikkje kvarandre ein gong. Bedre kan det ikkje bli, som ein seier i Nordfjord.
Ufyselige greier. Lite folk å sjå. Vi såg nesten ikkje kvarandre ein gong. Bedre kan det ikkje bli, som ein seier i Nordfjord.

Opp til Krossbakkenosi var det fint og rolig terreng. Vel heime oppdaga eg at Illvassnosi heller ikkje var så veldig langt unna, Ove! På kartet i alle fall.

Turen tilbake gikk radig med vinden i ryggen. Sjølvsagt er det kjekt med finevær, men det er jo noko eige med å vere langt til fjells når naturkreftene rår.

Opp til Krossbakkenosi, med Ilvatnet og Grønntjønnhøi bak.
Opp til Krossbakkenosi, med Ilvatnet og Grønntjønnhøi bak.
Første peakbook-bestigning av Grønntjønnhøi. Denne ryk rett inn på Boven si kremtoppliste. Nørdstedalen bak.
Første peakbook-bestigning av Grønntjønnhøi. Denne ryk rett inn på Boven si kremtoppliste. Nørdstedalen bak.

Utover kvelden tiltok vinden, og eg fekk meg mellom anna eit luftig besøk på den lokale utedoen i noko som likna på sterk storm. Sidan nordfjordingane sovna før meg og vakna etter meg, fekk eg, i tillegg til å koke kaffi til dei, lest grundig i boka om reindrift i reinheimen og breheimen. Ganske fascinerande greier - her oppe på høgfjellet har dei drive reinjakt i kanskje 10000 år, og dei har funne ein masse store jaktanlegg. Ein kan jo berre tenke seg korleis det er å sitte oppi her for 4000 år sidan og vente på rein medan uværet reid forbi. Dei hadde sikkert litt meir peiling enn oss turistar.

Retur over Ilvatnet.
Retur over Ilvatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.