Avgang frå Sota Sæter 20. mai, onsdag ettermiddag. Kobbenes kom frå Trondheim, Kroksleiven og eg frå Nordfjord. Dessverre siste dagen med verkeleg bra ver denne gangen. Men Sottjønnbu var bestilt. Møtte Trygve Veslum og Alexander Moen Thue på parkeringa. Dei hadde hatt ein kanontur til Holåtindane.
Tilbake på Sota Sæter laurdag 23. mai etter 3 overnattingar i Sottjønnbu. Forferdeleg vind og snøfokk då vi forlet hytta. Vi vurderte faktisk å vente litt. Ein time seinare var det så fint på Sota. Men greitt, vi var fornøgde etter 2 dagar med skodde og vind. For ein gongs skuld var det god tid til kake og kaffi.
Benutzerkommentare