Skjåk/Luster: Grøntjønnhøi og Krossbakkenosi (22.05.2020)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sottjønnbu (1,495m)
Endpoint Sottjønnbu (1,495m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 49min
Distance 26.5km
Vertical meters 1,150m
GPS
Ascents Grøntjønnhøi (1,856m) 22.05.2020
Krossbakkenosi (1,574m) 22.05.2020

Denne dagen berga vi forsåvidt godt i boks med å halde oss i lavare fjellterreng. Skylaget låg godt nedpå toppane og vinden var heller ikkje fråværande. Tundradalskyrkja vart droppa som første prioritet. Valget var å gå sørover retning Krossbakkenosi, og så heller gå nordover igjen over Tundradalskyrkja dersom det letta...noko som ikkje skjedde. Vi gjekk gjennom Tundradalsbandet og vidare sørover Illvatnet eit stykke. Planen var den sørlege, litt slakare ruta mot Grøntjønnhøi. Med nasa godt planta i GPSen og ein jævlige vind kom vi opp. Eit par plassar måtte vi stoppe heilt opp, utan noko haldepunkt. Berre kvitt inferno rundt oss. Nede ved Illvatnet igjen var det såpass bra at vi fekk beordra Kroksleiven ned i sittande stilling og ei lenger matøkt. Faktisk heilt på grensa til koseleg og god stemning. Kobbenes, som er opptatt av tryggleik, leita fram spaden og grov ein benk som nokre av oss brukte. Til vår store overrasking såg vi to andre tullebukkar som gjekk den kvista løypa vestover frå Illvatnet retning ein eller anna plass. Etter toppstøtet på kremtoppen Krossbakkenosi hadde vi vinden i ryggen heile mila heim til Sottjønnbu. I følge vermeldingane skulle det dra seg til med vind utover kvelden. Og meir vind vart det. Hytta rista og snøen kaka seg på ruta så det var ikkje muleg å sjå ut. Det vart ein lang kveld med godt røl og tylprat. I skåpet fann vi endåtil ein skvett med Famous Grouse.

Kroksleiven på Grøntjønnhøi.
Kroksleiven på Grøntjønnhøi.
Så vart vi dei første på PB som har registrert bestigning av den meget eksklusive Krossbakkenosi.
Så vart vi dei første på PB som har registrert bestigning av den meget eksklusive Krossbakkenosi.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.