Rognliåsen (22.05.2020)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 2h 30min
Distance 8.7km
Vertical meters 346m
GPS
Ascents Rognliåsen (441m) 22.05.2020

Fin, historisk interessant tur. Starta ved p-plassen nedafor Øvre Jonsrud. Følgde så vegen oppover forbi det historiske pensjonatet. Las på p-plassen om bergenske kongeveg, og hadde glede av skilting oppover. Følgde veg heilt til Rognli, ein plass eg likte veldig godt. Las i ettertid at garden blei rydda i almenning på 1600-talet. Nydelege hamnehagar, og artig med all villsauen. Gjekk til toppunktet der eg ikkje fann bolt eller anna markering. Så gjekk eg forbi den gamle nydeleg utmurte brønnen til hamnehagen der eg fann meg ein plass med utsyn for nistepause. Heile saueflokken kom brekande opp til gjerdet for å helse på. Tilbake gjekk eg litt dør- og austover. Ein av stigande på kartet fann eg rett og slett ikkje, sjølv om eg etter GPS-sporet skylle ha kryssa den fleire gonger. Kom så inn på Gamlevegen og følgde den nedatt til yngre kongeveg. Ved det nymalte pensjonatet følgde eg Kongevegen bed til venstre, så høgre, og deretter gjennom tunet på Jonsrud. Las meg opp litt etterpå i bok om gardar og husmannsplassar i Lommedalen (NB.no). 8,7 km, 2,5 time inkl pause, 346 hm. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.