Rundtur på Sørbølfjellet og Ørneflag (21.05.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Start point Storekrak p-lomme (530m)
Endpoint Storekrak p-lomme (530m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 16min
Distance 29.4km
Vertical meters 1,220m
GPS
Ascents Storrustefjellet (1,224m) 21.05.2020 14:58
Sørbølfjellet (1,284m) 21.05.2020 17:46
Ørneflag (1,243m) 21.05.2020 18:51
Visits of other PBEs Storekrak p-lomme (530m) 21.05.2020 12:11
På Sørbølfjellet
På Sørbølfjellet

Vi har sett på denne turen ei stund, og vi har sett på fleire ulike ruter å ta han på. Valet fall til slutt på å køyre til Sør-Aurdal sida av Vassfaret.
Turr og berr veg oppover i frå parkeringa. Vi festa skiene på sekken, og skiskoa i sekken og gjekk oppover med joggesko. I krysset før Storekrakkoia skifta vi sko, og satt frå oss joggeskoa og litt ekstra oppakning.
Derifrå håpa vi å kunne gå på ski, men det var berre bort til brua. Så skiene vart bore til der vi gjekk av bilvegen. Derifrå kunne vi gå på ski opp til Storrustefjellet.
Vi hadde egentleg tenkt til at det berre skulle bli Storrustefjellet og Ørneflag denne turen, men vi fann ut at det var greitt å gå bortom Sørbølfjellet.
Ned frå Storrustefjellet er det berre om lag 100 høgdemeter, og veldig kupert, så vi tenkte at det ikkje var noko poeng å ta av fellene. Det var sannsynlegvis dumt, for da vi tok dei av etter Sørbølfjellet fann vi ut av dei bremsa veldig mykje ekstra, og ikkje var det særleg vondt å gå utan oppover. Så opp til Ørneflag tok vi dei ikkje på at.
Strekningen frå Storrustefjellet til Sørbølfjellet var ei nesten uendeleg lang og kupert vidde. Attende mot Ørneflag var det kjekt kunne følgje spora våre. Grei nedkøyring frå Ørneflag, men ikkje den beste snøen for fjellski.
Nede at i krysset tok vi med oss oppakninga, og køyrde vidare på ski ved sida av vegen. Ved den kraftige høgresvingen rett før elva/bekken tok snøen slutt, så vi gjekk dei siste 2,8 kilometrane på føttane.
Skya heile dagen, men ein del glimt av sol. Også eit par små byger med yr. Nesten ingen vind, men litt i området rundt Sørbølfjellet. Skikkeleg sugeføre heile turen. Ein flott tur.

På Storrustefjellet
På Storrustefjellet
Utsikt frå Storrustefjellet
Utsikt frå Storrustefjellet
På veg til Sørbølfjellet
På veg til Sørbølfjellet
Utsikt frå Sørbølfjellet
Utsikt frå Sørbølfjellet
På Ørneflag
På Ørneflag
Mot Sørbølfjellet frå Ørneflag
Mot Sørbølfjellet frå Ørneflag

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.