Strålande skitur på Gaularfjellet (20.05.2020)

Written by agnar (agnar åsnes) GSM

Start point Tverrlielva (598m)
Duration 5h 04min
Distance 16.2km
Vertical meters 791m
GPS
Ascents Rimmafjellet (1,277m) 20.05.2020 12:13
Nord for Rimmafjellet (1,290m) 20.05.2020 13:33

Frå topp 1290, mot nord.

Mot søraust, med bl.a Johannesberget og Menesegga.

Mot Eldalsdalen, og Viksdalen.

Førde langt i vest, med Kvamshesten og Blægja til venstre.

Været vart betre enn yr sa på morningen, men det gjer ingen ting.
Starta frå Tverrlielva, på fast og fint føre. Kom snart inn på eit spor frå i går, som eg kunne
følge heilt til første toppen. Nokre bratte kneikar oppover, men stort sett greit terreng til Rimmafjellet. Hytta på Frøyslandstølen viser dei store snømengdene i år.
Frå Rimmafjellet tok eg nordaustover for å gå til topp 1290. Måtte snu ein plass, då det vart for hardt og bratt. Etter å ha måtte gå rundt ein skavl, var det lett opp mot toppen. Kunne innta nista ved varden, i netsen vindstlle veir. Tok ein snarvei på returen, uten å gå opp om første toppen.
Etter kvart nedover, vart snøen blautare i det varme veiret, men ingen problem under veis.
Etter mine vurderingar liten rasfare, untatt under heng og skavlar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.