Høgenipa (20.05.2012)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 6h 45min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,558m
GPS
Ascents Hestafjellet (839m) 20.05.2012
Høgenipa (877m) 20.05.2012
Knutstignova (871m) 20.05.2012
Kvigedalseggi (813m) 20.05.2012
I dag fekk me oss ein bra tur og 3 nye PF 100m topper i Vaksdal pluss Knutstignova som har PF 80m. I det flott været tok me MC'en og kjørte til Dale. Målet var Kvigedalsegga 814m, Knutstignova 871m, Høgenipa 877m og Hestafjellet 839m. Svingte av motorveien ved Camillas kro og fortsatte til veis ende ved ei skytebane bak kroa. Her fulgta me elva ca 150m oppover på venstre side før me gjekk over elva og fant ein flott sti oppover. Stien går langs ryggen på høgre(aust) sida av elva. Det er bratt og går raskt oppover. Stien går oppover til Krokavatnet.
Nedre Krokavatnet
Nedre Krokavatnet
Me var forberedt på at me kom til å måtte passere ein del snøfelt men var ikkje forberedt på dne mengden snø som fortsatt ligg oppi her. Aina gjekk i turjogg og gamasjer og det skulle bli ein våt og kald fornøyelse.
På veg ned frå Høgenipa
På veg ned frå Høgenipa

Me bestemte oss uansett å gjennomføre turen. Når me kom opp på Kvigedalseggi 813m og skua utover bestemte me oss for å gå vidare på Knutstignova og Høgenipa men droppe Hestafjellet. Det såg ut til å bli svært mykje snø å traske i om me og skulle opp der.
Fra Kvigedalsegga mot Høgenipa og Knutstignova
Fra Kvigedalsegga mot Høgenipa og Knutstignova
Fra Kvigedalseggi måtte me ned ca 170hm og fulgte ei renne nord for toppen ned til nedre Krokavatnet. Herfra gjekk me oppover i retning Knutstignova. Det var ei seig kneik på 230hm. På toppen ein liten varde og flott utsikt. Når me såg bort på Høgenipa fekk me Høgafjellet på Osterøy rett bak forbi. Det var ca 1km bort til Høgenipa men mykje snø. Me måtte og nedigjen ca 100m for å komme bort. Fra toppen av Høgenipa gjekk me austover og fulgte elva som renn ned mot nedre Krokavatnet. Me gjekk på vestsida av nedre krokavatnet og på austsida av øvre Krokavatnet. Når me passerte søre enden av øvre Krokavatnet kunne me sjå varden på Hestafjellet 839m. Det var snø heile veien til toppen men likevel ikkje særlig langt og eg fant ut eg måtte få med denne toppen og. Aina ville ikkje opp og ho fortsatte nedover og eg tok oppover mot toppen. Det var tungt oppover i snøen men eg var glad eg ombestemte meg og likevel fekk med meg denne toppen og. Her var og ein liten varde men den stod ikkje på høgste punktet som låg ca15m vest for varden. Fra toppen gjekk eg retning aust ned i dalen og over elva til eg traff stien som me kom opp.
Savna skia ned frå Hestafjellet
Savna skia ned frå Hestafjellet

Litt lenger nede satt Aina og venta. Ein flott dag men litt mykje snø enda når ein skal gå til fots. Turen vart på 15km og me brukte 6t og 45min.
Fleire bilder: http://www.utifriluft.com/Fotturersommar/H%C3%B8genipa-Hestafjellet-200512/23079755_bhwgvr#!i=1857522604&k=TCcs3JC

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.