Tre turar i Hedalen (02.05.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Cross-country skiing
Duration 3h 42min
Distance 19.4km
Vertical meters 430m
GPS
Ascents Sæterknatten (1,136m) 02.05.2020 15:13
Langtjernkollen (1,149m) 02.05.2020 16:05
Busufjellet (1,058m) 02.05.2020 18:22
Høgdefjellet (1,055m) 02.05.2020 20:00
Visits of other PBEs Fleddaveien (475m) 02.05.2020 13:10
Fledda p-lomme (845m) 02.05.2020 13:42
Busufjellet ny vei i sør (910m) 02.05.2020 17:40
Vassfaret-Strøen bomvei (955m) 02.05.2020 19:20
Godvasskardet vinterparkering (963m) 02.05.2020 19:30
Hedalen stavkirke (510m) 02.05.2020 20:46

Langrennstur til Langtjernkollen, og trugeturar til Busufjellet og Høgdefjellet.

På Busufjellet
På Busufjellet

Ny tur til Sør-Aurdal. Langtjernkollen på Manfjellet, Busufjellet og Høgdefjellet var målet for denne turen. Det vart sein turstart da vi var innom alle sportsbutikker i mellom Slidre og Bagnm noko som endte med at vi bestilte fjellski på Intersport i Bagn.

Mykje fint vêr på turen, men også litt vind og periodar med overskya og lett snøvêr. Snøen som kom tidlegere i veka lå framleis i vegen mange stader på dei to bomvegane, så firehjulstrekk var kjekt og ha, forsåvidt også glad for at vi ikkje hadde bytta dekk enda.

Langrennstur til Langtjernkollen

På veg mot Langtjernkollen på Manfjellet
På veg mot Langtjernkollen på Manfjellet

Vi tok av på bomvegen inn til Fledda, og parkerte på parkeringsplassen ved skiløypa.
Derifrå følgde vi skiløypa opp til Sæterknatten. Ikkje nykøyrd den første halvanna kilometeren, men bra etter det. Skikkeleg sugeføre. Ganske langt i mellom Sæterknatten og Langtjernkollen, men fine forhald for skigåing.

På Sæterknatten
På Sæterknatten
På Langtjernkollen
På Langtjernkollen

Trugeturar til Busufjellet og Høgdefjellet

På veg til Busufjellet
På veg til Busufjellet
Turen på Busufjellet. 59 min - 2,9 km - 160 hm
Turen på Busufjellet. 59 min - 2,9 km - 160 hm
Turen på Høgdefjellet. 51 min - 3 km - 105 hm
Turen på Høgdefjellet. 51 min - 3 km - 105 hm
Mot Manfjellet frå Busufjellet
Mot Manfjellet frå Busufjellet
På veg til Høgdefjellet
På veg til Høgdefjellet

Etter turen på Manfjellet, køyrde vi vidare oppover mot Busufjellet. Det var for mykje snø i vegen oppover Busufjellvegen, så vi parkerte i krysset. Vi prøvde først å parkere rett før krysset, men der satt vi oss nesten fast.
Fin og grei tur opp og ned på Busufjellet. Vi gjekk på truger, men det hadde faktisk også gått bra med toppturski, eller andre ski.

Etter turen køyrde vi attende til Hedalen, og vidare innover mot vest. Bomautomaten mellom Hedalen og Nesbyen var ute av drift, så der sparte vi nokre kroner. Vi køyrde inn bomvegen til Strøen/Vassfaret, og parkerte på vinterparkeringa ved Godvasskardet. Derifrå var det ein veldig fin trugetur opp til Høgdefjellet.

På Høgdefjellet
På Høgdefjellet
Utsikt frå Høgdefjellet
Utsikt frå Høgdefjellet
På veg ned frå Høgdefjellet
På veg ned frå Høgdefjellet

Stopp ved Hedalen stavkyrkje

På veg heim stoppa vi ved Hedalen stavkyrkje. Ei riktig flott stavkyrkje.

Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkyrkje

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.