Flott ettermiddagstur, 2 timars rundtur. Opp om steinbrotet og Tibergfjelltjødnane til "haifinnen", bortom vesttoppen for første gang på mange år. Retur om hovudtoppen og Terneskardet. Fint og mildt der det var le, men iskaldt i vinden. Snøfenner i nordhellingane vitna om at det ikkje er heilt sommar ennå. Lågaliåna brusa overmåte lystig frå det smekkfulle Svortingsvatnet, eg har aldri sett henne større. Fint med blømande kvitveis nedover Jørpelandslia.
Utsikt frå vesttoppen mot Dalen og Tibergfjelltjødnane. Til venstre sjåast bl.a. Homsknuten og Guromyrfjellet; til høgre Førlandsåsen og Øykjafjellet med ein flik av Skardtjødna
User comments