Tårnet og Storvasstinden (28.04.2020)

Written by Olaeros (Ola Esten Røssum) GSM

Map
Ascents Storvasstinden (1,267m) 28.04.2020
Tårnet (1,338m) 28.04.2020

Med Kjell Magnar og Mari. Var heldige og fekk låne nøkkel til bommen i Riksemdalen. Kunne kjøre opp bakkene til setra, og da var det plutselig aktuelt med ein kveldstur i dette fantastiske området. Litt av og på med ski første par kilometer, etter det var det fin og fast snø som hadde brea seg oppover mot vatna. Kjell Magnar har prata om ein "snarveg" til Tårnet som det går an å gå når det er trygge skredforhold. I praksis er dette å følge haugar og rygger oppover mot skaret mellom Storvasstind og Tårnet, og dei siste hundre hm må ein gå i bratt snøbakke. Vi hadde med øks og stegjern, men fekk berre bruk for øksa i dag. Litt ufordrande å komme seg opp på snøkammen i skaret, men det gjekk greitt. Vidare langs ryggen og litt til venstre for å unngå skavlar mot toppen av Tårnet. Flott usikt mot Trandal! Vi hadde flatt lys på veg inn, men no begynte sola å finne vegen gjennom skyene. Ned att til skaret, og prøvde å halde høgda mot Storvasstinden langs ryggen, før vi skar innover i sørflanken. Hadde sikta oss ut ein renneformasjon som gjekk til ryggen rett til høgre for toppen. Her var snøen gjennomvåt og råtten. Rask tur til topps, og ski tilbake til skaret. Så var det berre å ski ned mot vatna og stake seg ut att.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.