Bleia, Bjørnen og Store Grånosi (26.04.2020)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 40min
Distance 25.8km
Vertical meters 1,340m
GPS
Ascents Bleia (1,717m) 26.04.2020 14:40
Bjørnen (1,469m) 26.04.2020 15:43
Stora Grånosi (1,566m) 26.04.2020 16:45

Fantastisk skitur i heimfjella. Med utgangspunkt i Modlaugsbotn, opp Erdalsvegen frå Lærdal, er det eit veldig flott skiterreng. Området ligg i Aurland og Lærdal kommunar. Ein kan gå inn den lite bratte dalen, setje set i ein solhelling og berre nyte. Eller ein kan gå til ein av dei mange toppane i området. Blåskavlen og Bleia er dei høgste, og kanskje flottaste fjella i området.

Men Stora Grånosi, Bjørnen og Grånosi er også verdt eit besøk. Ta gjerne med Jernhetta også, og utsikta under den, der ein ser like til Flåm, er veldig flott. Og er det godver, gå gjerne heilt ut på Kalvsnesnosi, og sjå rett ned i Aurlandsfjorden, og inn Nærøyfjorden. Tilrår den turen.

No er det brøyta til øvst i hyttefeltet i Sluppen. Ein lyt då gå ca. 1,2 km før ein er ved brui, der parkeringsplassen til vanleg er. Så er det lett stigande terreng heilt til ein nærmar seg Svarthovd, der ein dreiar litt til høgre i eit dalføre. Kjem så opp på flatene ned mot Daudmannsvatnet. Då er enno eit stykkje å gå inn mot Bleiaskard (ein lyt ned 30 høgdemeter).

Ved foten av fjellet er det fint å ta ei rast å kike på dei svære skavlane ved Bleiaskard. Så er det naturlege drag oppover aust om 1520 toppen. Den lagar alltid ein svær skavl, så hald avstand. Men det lagar seg fint til med ei hylle,og ein kjem opp på flata. Så rundar ein ein knaus til høgre for seg. No er ein litt over på vestsida av fjellet. Hugs å ta opp på ryggen her, ganske raskt. Då kjem du inn i dalen, og går fint rett mot toppen. Tilrår ikkje å gå på vestsida då det blir skrågang, og litt nedatt. Det er flott utsikt frå toppen om du har klårvèr. Mange likar å gå ned til kanten av Sognefjorden. Viss du har køyrt mellom Kaupanger og Mannheller, eller har vore oppe ved Sogndal lufthavn, så ser du Bleia-fjellet som reiser seg 1700 meter rett opp frå fjorden. Går ein ut til stupet mot fjorden, ver merksam på at skvlar kan henge 20 meter ut over fast grunn her, enkelte år.

Så var det å feste skoa, og sigle nedatt fjellet. Tok 15 minuttar medrekna stopp for prat med eit turfylgje (Familien Bøe +). Så fann eg ei fin rute opp mot Bjørnen. Utsikta herifrå var veldig fin mot Fresvikfjell og ut fjorden til Balestrand. Så vart det litt nedatt, og opp til Store Grånosi. Her er den finaste staden å fotografere Bleia. Nedkøyringa frå Store Grånosi tok eg på venstre sida av Vardahaugen. Dette viste seg å vere ein perfekt jamn, lang og fin nedkøyring for fast fot. Kom inn på vegen vel 500 meter nedanfor parkeringsplassen og 700 ovanfor bilen. Perfekt dag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.