Ådneburen (25.04.2020)  6

Written by Sigjoern (Sigbjørn Holm)

Start point Parkeringsplassen (250m)
Duration 4h 34min
Distance 6.6km
Vertical meters 572m
GPS
Ascents Ådneburen (797m) 25.04.2020 14:08
Visits of other PBEs Meisdalen p-plass (248m) 25.04.2020 16:25

TL;DR Sol, god og merka sti, dårleg grusveg for liten bil og flott utsikt - anbefalt tur.

Flott tur i varm april-sol med såkalla «baris-vær» på veg opp, på trass av at det var april.

Sti
Opp Nørlandsdalen (som ein seier her inne) eller Meisdalen (som står på kartet) frå parkerignsplassen er det flott sti opp gjennom ura frå parkeringsplassen, med heller og trapper lagt i mange parti. Dette står ikkje så mykje tilbake for "oppstemten" opp Ulriken og hugs at dette er laga utan helikopter som frakta inn og hjalp til med å flytte stein. På toppen av Meisdalen er det skilta opp til Ådneburen og stien er merka med vardar og små pinnar i raudt og kvitt. Det var ennå litt snø på veg opp, så litt tyngre å gå enn vanleg, men dette gav gode akeforhold på veg ned.

Utsikt
Utsikten ned mot Meisdalsvatnet på veg opp mot Ådneburen er fin å snu seg for å ta ein kikk på frå ulike utsiktspunkt medan ein går opp. Sjølv om den kanskje ikkje når heilt opp til utsikten frå varden, så er den verdt å ta seg ein pause for å nyte. Frå toppen av Ådneburen ser ein langt i alle himmelretningar og utsikta går for å være ein av dei beste på "sørsio" av Masfjorden.

Misc
Den største utfordringa for turen var å forsere grusvegen opp til parkeringsplassen ved bunnen av Nørlandsdalen, som for tida gjennomgår store ombygninger pga utbygging av kraftverk der. Med ein liten Toyota Aygo var det ikkje alltid like lett. Vegen kan være stengt pga. arbeid, spesielt i vekedagane, så ver obs på det. Du må også hugse å ta med 30 kr til bompengar, for her inne kjem ein ikkje langt med "nok er nok!"

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.