Skitur over Hjortahorgi og nabotopper (29.04.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Hjortahorgi (1,351m) 29.04.2012
Kaldenuten (1,332m) 29.04.2012
Skjemmehorgi (1,350m) 29.04.2012
Torfinnshorgi (1,343m) 29.04.2012

Gjekk på ski frå Hodnaberg i austenden av Hamlagrøvatnet i løype opp til Torfinnsheim turisthytte. Snakka med et par som rasta her og dei fortalte at den kvista løypa videre til Gråsida var lagt utenom Torfinnsvatnet for det hadde vore veldig med overvatn der før påske. Nå var det imidlertid glimrande skiføre med 10-30 cm tørr snø over vatnet.
Gjekk i land der Torfinnsåni kjem ned i austenden og fulgte ryggen nord for Torfinnsdalen til Torfinnshorgi. Relativt beskjeden varde og det var ikkje andre spor her. Litt aust for toppen var det en høg skavl så eg måtte renne litt nordover for å omgå den. Ca 1 km aust for Torfinnshorgi kom eg inn på skispor frå Gråsida og eg fulgte dei et stykke sørover før eg dreide opp på Skjemmehorgi.
På den vesle varden her var det et treskilt det stod 1351 moh på, men på kartet står det 1350. Gjekk så videre vestover til Hjortahorgi som også hadde en liten varde. Det var ingen andre spor på toppane så det er tydeligvis ikkje særlig besøkte topper dette. Ut frå augemål såg Hjortahorgi klart høgast ut sjøl om det bare er 1 m i forskjell.
Sol frå skyfri himmel denne dagen men det var en kjølig søraustvind og snev av rennefokk så det blei ikkje så veldig lang pause på toppen. Kunne sjå ut i havet utanfor Bergen, men ellers var det bare snødekte vidder og topper å sjå. Rant så ned i Hjortadalen og gjekk opp mot Kaldenuten der eg kom inn på skispor igjen som eg fulgte til toppen. Her åpna landskapet seg opp sørover og det var veldig flott utsikt over områda rundt Hardangerfjorden.
Herfra rant eg ned til Torfinnsvatnet igjen som eg kryssa i heile sin lengde før siste etappe ned til Hodnaberg. Brukte 11t på turen i bedagelig tempo.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.