Sørom Storligrenda (19.04.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 6h 57min
Distance 23.7km
Vertical meters 1,331m
GPS
Ascents Fremre Grynningshøa (1,482m) 19.04.2020
Indre Grynningshøa (1,468m) 19.04.2020
Lorthøa Nordvest (1,261m) 19.04.2020

Vervarselet for helga lova oss både sol og skredfare i stort monn, så da passa det bra å oppsøke slakt terreng i Storlidalen. Frå bilen på tur innover dalen kunne vi observere at ikkje alle hadde gjort seg opp dei same tankane som oss, og eit par skispor kant-i-kant med eit skred ned lia på nordaust-sida av Storhaugen lyste mot oss i morgonsola.

Vi var dagens første ekvipasje opp Grugguskaret, og enda opp med å stort sett tråkke spor sjølv. Eit gårsdagsspor vart utprøvd, men forkasta grunna klabbeproblematikk. Som seg hør og bør vart det litt intensivt poseringsarbeid i det Innerdalsfjella åpenbara seg for alvor - slikt skal ein ta seg tid til i godveret.

I staden for å vende opp mot Nonshøa (slik som resten av turfolket denne dagen), fortsette vi inn over vatna på 1209moh og aust for Indre Grynninghøa. Forfattaren sjølv øyna sjansen for eit besøk på ein lettkjøpt smultring som glapp ved forrige besøk i området, og labba over Lorthøa Nordvest, for så å møte resten av turfølgjet ved vatnet.

Etter dagevis med stri nordvest og nedbør hadde det lagt seg opp ein skikkeleg skavl i henget frå vatnet og opp i retninga vi skulle, så vi måtte legge inn nokre ekstra meter i austleg retning før vi fekk peika skia opp dei sist høgdemetrane til dagens første rasteplass. Å kunne sitte småsvett i korterma utan å fryse er ikkje kvardagskost (men så var det jo helg og, da...), så vi kunne nyte ein formidabel Laban-lunsj saman med det som vel må kallast ei riktig så fin utsikt nordover.

Etter ein seigmann eller to for mykje glei vi ned i Grynningsdalen. Rett og slett makalaust fint å vere dei einaste på tur etter at nordvesten har lagt eit kvitt teppe over kvar ein stein. Med dagens mål, Fremre Grynninghøa, rett framfor oss var det berre å labbe i veg over vatnet og mot toppen. Sosial distansering i praksis, og eit motiv som egna seg ualminneleg godt for eit fotooppdrag med drone.

Trygt i hamn på toppen heldt vi oss godt klar av temmeleg bratt terreng på alle kantar. Ei renne straka vegen ned i Ottdalen kunne heilt sikkert gjort ein god jobb som kulisse i ein eller annan spektakulær skifilm, men det vil i så fall ikkje bli med nokon av oss som hovudrollleinnehavar. Utsikta over dalen og mot Klingfjellet og Klingråket var meir enn spektakulært nok for oss i godveret, og egna seg godt til å kvile augene på medan vi kunne nyte dei herligste frysetørka rettar og ein brusboks.

Det er ikkje så enkelt å avslutte opphaldet på ein topp når forholda ligg så til de grader til rette for å berre sitte og kose seg, men vi skulle jo heim til middag denne gongen og. Retur "rundt" og opp på Indre Grynninghøa for å unngå henget opp frå Gaupskaret. Tok oss tid til å nyte utsikta mot begge Snotene før vi peika skia ned mot Grugguskaret og tilbake samen vegen som vi kom. Fekk lagt inn eit bidrag i henget ned frå Nonshøa - her var vi definitivt ikkje åleine lenger.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.