Hallingnatten + en tur til (19.04.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Hallingnatten (1,314m) | 19.04.2020 14:56 |
---|---|---|
Trommenatten (1,174m) | 19.04.2020 16:02 | |
Høgelinatten (1,125m) | 19.04.2020 17:34 | |
Sjåfunatten (1,115m) | 19.04.2020 18:24 | |
Syningen (1,109m) | 19.04.2020 18:46 |
To turar i Nesbyen i Hallingdal.
Frå Nesbyen rota vi vi litt med køyringa, vi prøvde første veg som er teikna inn på kartet mot Bøgaset. Den fungerte dårleg, så vi måtte snu. Neste veg var den riktige, og holdt høg standard.
Vi fann ei lita lomme i vegkanten rett ved skiløypa, og parkerte der.
Løypa innover var veldig bra, og vêret var heilt strålande. Full sol, og lite vind. Årets varmaste skitur så langt. Fint føre for felleski. Flott utsikt frå Hallingnatten. På tur attende til bilen gjekk vi oppom Trommenatten.
Turen til Høgelinatten og Sjåfunatten
6,5 km - 1t 58min - 360hm
Da vi hadde køyrd heile vegen frå Slidre til Nesbyen, tenkte vi det var greitt å få skikkeleg med tur. Så da det var at krefter etter turen på Hallingnatten, vart det ein tur til.
Vi køyrde opp mot toppen av alpinanlegget ved Syningen, og parkerte i vegkanten. Turen mot Høgelinatten starta med skiløype eit lite stykke, før det bar i terrenget. Fint å gå opp til toppen, og ein fin topp.
Ned frå Høgelinatten var det litt vondt å køyre i den tette skogen, før det vart vondt å gå opp i den bratte og tette skogen mot Sjåfunatten. Snø som bryt er ikkje særleg morosamt. Men vi kom opp, og over til Syningen var det fint å gå. Frå Syningen var det berre å skli ned til bilen i alpinbakken.
User comments