Øst for Bjordalsnosi (18.04.2020)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 10min
Distance 20.6km
Vertical meters 730m
GPS
Ascents Øst for Bjordalsnosi (1,647m) 18.04.2020 17:46

Fantastisk skitur i høgfjellet i Borgundsfjell i Lærdal kommune. Toppa med besøk til ein Lærdalstopp. Parkerte ved Breistølen fjellstove. Gikk inn det vakre Stardalsgjelet. Varm god sol, skyfritt og nesten vindstille dag. Mykje snø og svære skavlar i gjelet i år. Vel oppe av gjelet 1:20, bar det vidare etter kvista DNT-løypa til Bjørdalsbu.

Ved Store stein ved Starsjøen undra eg litt på kva som var Øst for Bjordalsnosi, og kva som var Bidlesteinsnosi. Appen greidde ikkje å få opp verken kart eller nåla på toppen vi skulle til. Fortsette difor lenger inn langs kvistaløypa. Snart var vi godt oppi Rankebotn. Då hadde vi faktisk snart runda toppen på austsida. Bestemte då å bestige frå søraust heller enn nordvest som planlagt. Hadde også sett ut ei slik rute på førehand. Trur kanskje denne er greiast.

Marita var med i dag. Ho ville helst ha Randone-utstyr. Mest med tanke på returen ned Stardalsgjelet. Eg valde difor same utstyr. Erfaringa etter dagens tur, er at 21 km med Rando på mykje flatt terreng er for langt. Ein kjenner meir skoa på, og feller av og på er meir styr enn med fjellski. Men klart at ned frå toppen og ned Stardalsgjelet, er det mykje meir moro, ein er tryggare, og det går kjapt med stødigare utstyr.

Å komme langt inn i fjellheimen på ein så fantastisk blå solskinnsdag er berre himmelsk. Litt sveltefora på tur også for min del, etter prolaps i ryggen i januar. Då blir ei slik oppleving ekstra god. Alltid kjekt å ha kjæresten med også.

På veg opp. Ser ned Stardalsgjelet.
På veg opp. Ser ned Stardalsgjelet.
Marita. Toppen i bakgrunn.
Marita. Toppen i bakgrunn.
Ser i retning Bjordalsbu.
Ser i retning Bjordalsbu.
Litt «galskap» på toppen.
Litt «galskap» på toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.