Horntinden og Raudbergkampen (16.04.2020)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Tourcharakter Langlauf
Tourlänge 3h 27min
Entfernung 12,8km
Höhenmeter 772m
GPS
Besteigungen Horntind nord (1.420m) 16.04.2020 17:24
Horntinden (1.454m) 16.04.2020 17:30
Kvannegrøberget (1.332m) 16.04.2020 18:19
Nord for Raudbergkampen (1.147m) 16.04.2020 18:46
Raudbergkampen (1.263m) 16.04.2020 19:05
Besuche anderer PBE Tyin P-plass (1.080m) 16.04.2020 16:09

Tur med Kristine etter jobb. Vêret var pent og det var spådd avtakande vind utover dagen, da vi drog i frå Slidre. Oppe ved Tyin var det framleis sol, det var eit par kuldegradar, men det var ganske sterk vind. Vi hadde vore usikre på korleis snøforhalda var, så vi hadde med både trugar, langrennsski og toppturski. Valet fall på langrennsskia, det var eit godt val, det var stort sett gode snøforhald. Det hadde vorte mykje av og på med feller på toppturskia, og det hadde vore tungt. Truger kunne ha vore eot greitt alternativ, men det er kjekt å kunne gli på dei lange strekkane.

Vinden avtok ikkje slik som det var spådd, og det var heile tida litt surt vêr, spesielt på toppane. I dei siste brattane opp til Horntinden og Raudbergkampen var det ikkje særleg føre for langrennsski, så der tok vi dei av oss og gjekk på føttane. Men det vart ein skikkeleg fin tur. Flott utsikt stort sett heile turen, men særleg frå toppane sjølvsagt.

Horntinden
Horntinden
Skaret mellom Horntinden og Kvannegrøberget
Skaret mellom Horntinden og Kvannegrøberget
på veg ned frå Horntind Nord, mot Horntinden
på veg ned frå Horntind Nord, mot Horntinden
På Horntinden
På Horntinden
Mot Skørsnøse og Stølsnøse frå Horntinden
Mot Skørsnøse og Stølsnøse frå Horntinden
På Kvannegrøberget
På Kvannegrøberget
På Kvannegrøberget, med Horntinden bak
På Kvannegrøberget, med Horntinden bak
Dei siste metrane til Raudbergkampen
Dei siste metrane til Raudbergkampen
På Raudbergkampen
På Raudbergkampen
Kvannegrøberget og Horntinden frå Rudbergkampen
Kvannegrøberget og Horntinden frå Rudbergkampen
Stølsnøse frå Raudbergkampen
Stølsnøse frå Raudbergkampen

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.