Runde i Østmarka (10.04.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Kurland
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Barlindåsen (398m) 10.04.2020
Hektnerhøgåsen (378m) 10.04.2020
Linfjellet (344m) 10.04.2020
Skarpdunderen (359m) 10.04.2020
Skolemesteren (352m) 10.04.2020
Snellås (350m) 10.04.2020

Stasjonert på Kurland har det verte gode moglegheiter for å få utforske Oslos østmark. Når peakbook i tillegg kan freiste med liste over østmarkas 40 høgste topper blir ikkje dørstokkmila lang. Med Bjønnåsen og Ramstadslottet allereie huka av blei det planglagt ein langtur for å få kryssa av ytterligare seks topper.

Med start frå Kurland fulgte eg grusvegen opp til Åmotdammen og vidare etter skilting i retning Ramstadslottet. Først øst i retning Marikollen, før vegen dreier sør mot Ramstadsjøen. Vel nede ved nordenden av vatnet blei det først ein avstikkar austover etter skilting til Hektnerhøgåsen. Opp til dagens første toppunkt og retur same veg ned att til Ramstadsjøen, og denne gongen vidare sørover langs sti inn til Setertjern og Seterstua. Her blei det rast i ei varmande vårsol, og fundering over ruta vidare.

Ein kan nok slå fast at Østmarkas 40 høgste ikkje samsvarar med dei 40 mest besøkte, og det mangla på vegar som førte opp til Snellås, som var dagens andre mål. Det blei dermed vedteke å følgje vinterruta som går heilt nedom Midtre Setertjern, for så å stake seg ut ein kurs beinast opp lia. Variabelt føre, men opp kjem ein. Nedturen blei av det meir strabasiøse slaget. Plana var å ta meg ned på vestsida, for så å følgje det som på kartet såg ut som ein sti rett aust for Østre Huktjern. Vegen ned vestsida av Snellås var tett og vanskeleg, og når eg først var nede var det lite att av stien som kanskje ein gong har gått der. Det blei trasking i nordleg retning fram til eg gjekk meg på ein gammal traktorveg som tok meg ned til vegen som kjem opp frå Djupdalen.

Vel tilbake på vegen gjekk ruta austover før eg etter kvart kom inn på blåmerka sti som går frå Seterstua i retning Ramstadslottet. Når stien tek av opp mot høgre til Ramstadslottet kan ein også ta av på sti til venstre som går opp til Barlindåsen. Her på Østmarkas høgste topp er det ikkje mykje til utsikt, men fint å få kryssa av eit besøk hit uansett. No var det fleire valg for ruta vidare. Det går sti ned tilbake mot Blåtjern, rundt, og opp Skolemesteren, men det var meir freistande å gå meir rett på sak. Dermed bar det rett ned lia vestover. Bratt, men ikkje så tett, og opp på motsatt side til Skolemesteren. Her går det blåmerka sti over ryggen, men toppryggen ligg ein avsats lengre vest. Toppunktet er ikkje spesielt godt markert, så det blei vandring over alle aktuelle toppunkt.

Nok ein gong var det eit alternativ å gå rett opp og rett ned for å kome seg til Skarpdunderen, men synet av god sti var for kjærkomment til å ta farvel med. Dermed gjekk det langs sti ned til Ilemyr, vestover og opp mot Dunderen. Lite markert sti her, men toppunktet er markert med ein liten varde. Frå toppen blei det enda ein gong vandring i tjukk krattskog og ulendt terreng, denne gongen i retning sør-vest ned mot Veslevannet. Herifrå fulgte eg sti nordover til ein kjem rett under ei hytte inne ved Langmyra. Før eg kunne følgje vinterruta i retning Østbyputten måtte dagens site topp kryssast av, så det bar nok ein gong gjennom kratt og myr, først opp til Plåterudsetertjern, deretter opp til Linfjellet. Litt kronglete å finne toppunktet, men det er ganske tydeleg og åpent når ein først ser det. Ned att same veg, inn til Østbypytten, rundt på vestsida, og endeleg langs grusveg ned til Østby, og til slutt aust til Skihytta på Kurland.

Ein lang, men alt i alt fin tur gjennom Østmarka!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.