Blekkulf (09.04.2020)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Duration 2h 31min
Distance 9.9km
Vertical meters 430m
GPS
Ascents Blekketjernshøgda (613m) 09.04.2020 12:29

Da var Påska 2020 på plass, men av ymse forskjellige dustegrunner får Jotunheimen, Rondane og andre opplagte stader å være, være i fred i år. Lokalturer er den nye vinen, men i stede for ein tur inn Maridalen med resten av Oslo gjekk min lokaltur til Nittedal og den namngjetne Blekketjernshøgda.
Antok snøen (som forøvrig har vært lite å skryte av her rundt Oslogryta vinteren 2020) var forsvunnet med plussgradane vi har hatt sidan Januar og valde lågsko til dagens tur. Og det stemte, ei stund. Frå rundt 500 meter over havet og vidare vart det langt ned på grusen under skoa mine. Heldigvis var vegen innover brukt til å køyre hundeslede så det var gode spor. Ekstra bonus at bikkjedritten fungerte som strøsand der det var isa.
Fulgte vegen litt rundt toppen før eg fant ein stad som virka bra egna for toppstøtet. Gjorde eit forsøk å bestemte meg for å gå litt tilbake å prøve ein anna stad. Beina plumpa rett til botn stå det vart tunge tak oppover. Den minst dårlege taktikken var å halde tett inntil grantrea da drypp frå trea hadde lagd eit lite skarelag som av og til held vekta mi. Heldigvis er ikkje tørrkvist frå plantagran noko stiv eller skarp.
Drog meg opp til slutt og tok nokre ekstra runder etter toppryggen for å heilgardere før eg sank kraftlaus i hop under ein granlegg.


Men kva gjer vel litt slit når ein kan nyte DENNE utsikta???
360 grader
Men kva gjer vel litt slit når ein kan nyte DENNE utsikta??? 360 grader
360 grader andre vegen.
360 grader andre vegen.

Etter ei stund var det tid for retur, men det som skulle bli ein parademarsj i oppgåtte spor var vist ikkje det. Min dårlege plan med å halde tett inntil grantrea på oppturen var om mogleg enda dårlegare no, kanskje på grunn av at eg hadde spist ei stor matpakke og drukket colaen min så eg fekk ei markant vektaukning?
Basa meg nedover og lærte smertefullt at det fortsatt er nok snø i skogen til at eg ikkje rekk ned til bakken om eg går gjennom med beina på kvar si side av eit velta tre.

Og det oppsummerar vel påska 2020.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.