To turar i Nordre Land (06.04.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Gjevlehaugen (719m) | 06.04.2020 12:43 |
---|---|---|
Fjerdingslihaugen (601m) | 06.04.2020 13:11 | |
Turrtind (941m) | 06.04.2020 16:19 | |
Visits of other PBEs | Snauhaug skistadion - utgangspunkt Gjevlehaugen (545m) | 06.04.2020 11:58 |
Smedsrud vinterparkering (635m) | 06.04.2020 14:48 |
To turar i Nordre Land, på veg frå Slidre til Gausdal.
Tur 1 gjekk til Gjevlehaugen nordaust for Dokka. Vi køyrde bomvegen inn til Snauhaug skistadion. Derifrå gjekk vi i skiløypa opp til myra nedunder Fjerdingslia. Vi tok av frå løypa, gjekk over myra, og bratt og kronglete skog opp til Fjerdingslia. Derifrå var det fint å gå vegen opp til krysset nedunder toppen. Litt bratt og kronglete opp til toppen, men helt greit. Bok å skrive seg inn i på toppen, og faktisk ganske bra utsikt. Nesten same veg ned, men vi følgde vegen lenger, for å slippe den kronglete skogen nedunder Fjerdingslia. Vi gjekk så oppom ein liten topp til, som eg valde å kalle Fjerdingslihaugen.
Tur 2 gjekk til Turrtind. Etter eit lite opphald i Dokka, køyrde vi til Vest-Torpa. Da vi var der like over jul parkerte vi i kanten av hovudvegen, men såg undervegs på turen at det var ein anna parkeringsplass. Den køyrde vi til i dag. Vi gjekk innover god skiløype til å byrje med. Vi tok av løypa og gjekk i gamle skispor og trugespor til Holovatnet. Frå Holovatnet gjekk det bratt oppover 70 høgdemeter, før det flata ut mot toppen. Overraskande fin topp. Flott utsikt! Same veg tilbake til bilen.
User comments