Egga /Sandvikfjellet (05.04.2020)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 39min
Distance 12.6km
Vertical meters 796m
GPS
Ascents Egga (427m) 05.04.2020

Eg gikk sist frå Sandvika, men tenkte eg skulle prøve ruta som er beskriven på ut.no. Eg inviterte med søsteren på tur. Vi parkerte ved Sagevik. Vi merka fort at det var ikkje så enkelt som det vi trudde. Ingen tydeleg sti der vi gikk, med unntak av opp frå Stølsdalen, der var det heldigvis nokre vardar. Sidan det ikkje var noko god sti oppover, så ville vi difor prøve å gå heile runda og ned via heia. Ned frå Egga var det rimelig mykje "baksing" og kaving i buskene. Vi brukte kartet og såg oss ut Ospedal og fann endeleg ein brukandes sti ned til Grønevik. I følgje ut.no så skal det være ei merka rute opp frå Grønevik. Den merkinga var i alle fall heilt fråværande. Heldigvis har eg vore ein tur ned i Grønevika før og vi klarte etter kvart å finne råsa som går opp.
Til andre som vurderer denne turen: ruta eg har lagt inn er ikkje anbefalt. Velg turen frå Sandvika. Det er nok ingen tydeleg sti, men det er greitt å finne ut kvar ein skal gå. I tillegg slepp ein skogen.
Eg håper eg ikkje har skremt søsteren heilt av, då dette er andre tur der vi virkelig får jobba med tålmodet i forhold til å kave inn i buskene. Neste tur vi skal gå har eg lova er mindre skog og meir sti.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.