Klungeren (03.04.2020)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 38min
Distance 9.2km
Vertical meters 1,093m
GPS
Ascents Klungeren (817m) 03.04.2020

Endeleg fredag og sol på himmelen. Kjappa meg heim for så å dra med fjellskia og turmålet var klart: Klungeren. Eg såg at tåka kom tettare og tettare då eg starta på første motbakke. Til slutt var tåka og snødrevet over meg. Eg var på nippen til å snu, men sidan eg kjenner fjella nokon lunde, fann eg ut at eg i alle fall ville fortsette litt til. Som det kjem fram av ruta, så bomma eg ein ørliten granne på standardruta, men fekk peila meg inn igjen etter kvart. Tåka og snødrevet letta og då eg kom på toppen var tåka og snødrevet borte vekk. Det opna seg eit flott utsyn rundt meg. Og vinden løya litt på toppen. På veg nedatt fekk eg auge på reinflokken.
Lite folk på tur i området i dag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.