Smørstabbrunde (01.05.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Gravdalstinden (2,113m) 01.05.2012
Vesle Gravdalstinden (2,015m) 01.05.2012
Søraustre Smørstabbtinden (2,030m) 01.05.2012
Søre Smørstabbtinden (2,033m) 01.05.2012
Øst for Søre Smørstabbtinden (2,023m) 01.05.2012
Sørvestre Smørstabbtinden (2,045m) 01.05.2012
Humpedump mellom 158.1 og 158.2 (2,020m) 01.05.2012

Plukking rundt Smørstabbreen

Tanken var å køyre kubikktog rundt Mjøsa 1. Mai men eit flatt batteri satte ein effektiv stoppar for det. Så etter at den detaljen vart oppdaga eit godt stykke utpå mandagskvelden var det berre å hoste opp ein alternativ plan.
Vrei ikkje hovudet mitt så veldig lengje før topptur slo meg og valget falt raskt på Smørstabbområdet.
Byrja å rote fram litt utstyr. Fjellskia mine var til reperasjon så eg måtte bruke tungt telemarksutstyr istaden. Dei som kjenner meg og veit kor pedantisk eg er på gramjakt i turutrustninga forstår at dette var litt kjedeleg for meg.
Siden værmeldinga for ein gongs skuld var over gjennomsnitt positiv vart også litt solkrem gravd fram og dytta i sekken.

Etter ein mindre forsovelse og påfølgande sein ankomst til Krossbu kom eg langt bak i rekka av parkerte biler. Hadde ikkje bestemt meg for om eg skulle satse på Veslfjelltinden og Hurrbreatinden eller Gravdalstinden men rekka av maur som kraup oppover Smørstabbreen mot Storebjørn og Store Smørstabbtind samanlikna med fri sikt mot Bøverbrean forenkla den avgjerelsen.

La iveg innover og etterkvart dukka kjente syn som Fanaråken og Jervvasstind opp i horisonten. Da resten av Styggedals og Skagadølstraversen etterkvart kom til syne fant eg ut det var tid for fotopause. Snappa opp kameraet, slo det på og fekk meldinga ”Intet minnekort”. Vart litt klam men hadde jo eit par ekstra minnekort i kameraveska, trudde eg… Køyrte eit kjapt søk gjennom veska, dobbelsjekk og trippelsjekk før det gjekk opp for meg at minnebrikka låg att i bilen. Gadd ikkje gå to kilometer attende til bilen for å hente brikka så eg måtte berre innsjå at den dagen med finast fotovær til no i år ville kameraet berre være unødvendig dødvekt. Forsåvidt heldig at eg hadde valgt den folkelause turen for den påfølgande seansen med hulking og hiksting ville ikkje tatt seg pent ut i folkevandringa oppover Smørstabbreen.

Planen var å unngå breen ved å runde rundt ved Falkebergtjørni men ved brekanten tok eg att to lokale helter som eg slo følge med over breen. Gjekk mellom nokre tydlege sprekkområder men breen framstod ellers som relativt trygg.
Peila meg inn på Sørvestre Smørstabbtinden og etter litt trakking over breen stod eg ved foten. Alle dei gamle spora gjekk rundt på vestsida men eg fulgte ryggen opp til toppen. Eit stutt bratt parti og ein litt udefinerbar skavel oppe på ryggen men ellers greit.
Ei lita matpause på toppen før eg fortsatte ned til skaret mellom Søre og Sørvestre Smørstabbtinden. Nedover mot skaret aula det plutseleg fram folk frå alle kanter.
Forbi foten av Søre minka ikkje tårestraumen og kamerasavnet ved synet av store skavler, bratte snøglasserte stup og prektige topper. Rått område.
Opp til Gravdalstinden var det berre å følge ferdig opptrakka motorveg og på toppen møtte eg ei gruppe på nærmere ti personer.
Gruppa var på tur nedatt så eg fekk etterkvart toppen for meg sjølv. Etter litt tradisjonshedring og toppnytelse var det på tide å fortsette. Plukka med meg Vesle Gravdalstinden på tur ned før eg gjekk opp på Søre Smørstabbtinden. Det hadde gått folk tidlegare rett bort til Aust for Søre så eg fulgte dei spora ned nokre meter før eg ga opp og gjekk rundt skaret mellom Søre og Sørvestre. Tilskuere frå Gravdalstinden kunne seinare fortelle at det hadde sett forholdsvis ekkelt ut men eg oppfatta det aldri sånn.
Gjekk opp mellom Aust for Søre og Humpedumpen og feia raskt over dei. Videre mot Søraustre byrja området å tømest for folk. To toppjegere kom bak meg i spora og ein liten handfull var på retur over breen. Klokka var berre såvidt passert tre og sola stod enda høgt så det var litt overraskande.
Vel oppe på Søraustre oppdaga eg at den hadde ein topp til som såg høgare ut. Ruta bort til neste punkt såg luftig ut og siste metrane opp mot punktet framsto som uoverstigelege men det måtte prøvast. Gjekk nokre meter ned i vestsida og oppatt på eggen rett før det som såg ut som eit klivepunkt. Klivepunktet løste seg dog enkelt og var berre ein spasertur rett opp. Kikka attende på ruta og no såg fyrstepunktet høgare ut. Kva for eit av punkta som var høgast vites ikkje men mitt flagg er uansett plassert på båe.
No var det berre å spenne på seg skia og forsøke å få litt valuta for slitet med tungt køyreutstyr. Typisk nok gjekk det heller dårleg da breen var for flat på toppen og sugeføre slo ut lenger nede.
Returen gjekk på nøyaktig tredve minutt inkludert nokre ”stoppe og nyte utsynet" pauser og ei skravlepause.

Vedlagt nokre bilete frå eit råttent mobilkamera:

Epilog: Solfaktor tolv, tre år forbi siste forbruksdato har heller begrensa effekt….

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Garm 10.05.2012 07:06

    Var noko bitter den kameraepisoda, men Life sucks, get a f**king helmet! :)

    Knall dag iallefall og med solkremen vil eg nok bruke enda eit par års tid på å nå bunnen av flaska...

    For å fortsette MP sporet, And Now for Something Completely Different: Er det mogleg å sortere toppane kronologisk etter bestigningsrekkefølga istede for halvalfabetisk som det automatisk stokkar seg no?

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by mortenh 11.05.2012 00:15

      Har diskutert det med Christian nå i kveld. Vi skal prøve å få til noe kronologisk, forutsatt at man angir tidspunkt på de enkelte bestigningene. Det kommer da i tilfelle før midten av juni :)

      • +
        avatar

        Aw: Sv:

        Written by Chris 16.05.2012 16:04
  • -
    avatar

    Først

    Written by mortenh 09.05.2012 22:07

    rauk kubikktoget, og dernest måtte skavlene foreviges med mobildrit. Jeg føler med deg. Har selv aldri måtte stå over noe kubikktog, men jeg har lagt igjen både kamerabatteri og minnekort før. Kjenner utmerket følelsen av å slå på kamera og få meldingen på displayet: No CF card. Men som MP synger. Sjå alltid på livets lyse side: Du fikk se mye flotte skavler, plassert seigmenn på fjelltopper og ikke minst kommet litt nærmere bunn på solkremen din, tre år etter best før datoen. Så ting kunne vært verre!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.