Toppraid i nordre Strand #4 (29.03.2020)
Geschrieben von Kaare_70
Det var meldt godver frå morgonen, med fare for snøbyger tidleg om ettermiddagen. Med ein del snø i høgare lende i Jørpelandsheia, passa det godt med tur i snøfrie Holtaheia. Når ein planlagd rundtur om Svoå og Lauvåsen var ugjort, var det berre å hiva seg rundt. Sykla inn til Lauvåstjødna frå parkeringa i Holtaheia og fann etter kvart merka sti opp til stupkanten på Svoå. Det var sjølvsagt kanonutsikt mot Tysdalsvatnet og Krossen/Reinaknuten herifrå. Men Svoå er såpass avrunda mot stupet at det vart hakket mindre dramatisk enn eg hadde trudd og håpa på.
Fekk med meg toppunktet på Svoå og tok så peiling på Lauvåsen med mål om å mista minst mulig høgde. Kom etter kvart bort til den merka stien her óg, og følgde denne enkelt til topps på den mest prominente toppen i Strand (pf=465m); tenk at eg skulle runda 50 år før eg kom meg opp hit! Flott utsikt, sjølvsagt, inkludert mot Almåsen lenger aust, som eg óg hadde planar om. Men i staden for å gjera dette til ein lang tur, valde eg å stykka han opp i to kortare. Returen vart derfor lagd langs den merka stien tilbake til Lauvåsvatnet og sykkelen, og var ved bilen att etter om lag 2 timar på tur. Heile 10 orrhanar som eg støkte opp ved Lauvåsvatnet, var morgonens flottaste faunainnslag!



Med frukost nr. to i bilen gjekk vegen inn til Døvik, der planen var å gå opp traktorvegen til Paddevatnet og vidare til Almåsen. Det ville vera kjekt å få til dette etter den heller mislukka skituren i februar. Som tenkt så gjort, og det gjekk radig opp den nå velkjende vegen. Fann den umerka og relativt lite brukte stien vidare langs Paddevatnet og på nordsida av bekkane oppover til den vesle tjødna Pøydl. Herifrå ruva det vestlege toppunktet på Almåsen imponerande med den store varden sin. Klarte å holda ein utydeleg sti eit godt stykke vidare mot nordsida av toppen. Her var eg heldig og fekk sjå ein større rovfugl, truleg ein av våkane, og dessutan ei trommande spette. Ikkje til å undrast på at det hekkar spetter her, forresten, for det er eit mektig og ulendt terreng med heilt urørd urskog. Svære rasblokker overgrodde med mose og skjegglav på trea var eit flott syn.
Dette var óg bratt og krevande terreng, men fann ein grei trase og busha til topps like aust for det vestlege toppunktet. Her vart det sanneleg løn for strevet med den framifrå utsikten til nær sagt alle kantar. Spesielt suget mot Reinaknuten, Lauvåsen og ikkje minst Tjelmavatnet like nedanfor, var veldig. Måtte sjølvsagt bort til høgste punktet her óg, nest siste pf≥100m i Strand for min del, ja faktisk den siste i "gamle Strand"!



Retur same veg, og ein meiseflokk med granmeis og fuglekongar var fine faunainnslag ved traktorvegen. Det var snøfnugg i lufta deler av tida, og som vermeldinga spådde, tetna det etter kvart heilt til, så dette var timing av beste slag. Det vart om lag 2 ½ timar på tur, som var raskare enn venta, og eg kjende at det hadde blitt ein del høgdemeter då eg kom ned att til bilen.
Benutzerkommentare