Suletinden og Sulefjellet frå Maristova (21.03.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Start point Gramstølen bomveg (805m)
Endpoint Gramstølen bomveg (805m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 05min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,312m
GPS
Ascents Suletinden (1,780m) 21.03.2020 16:21
Sulefjellet (1,812m) 21.03.2020 18:00
Like etter at vi var ferdige med hyttevegen til Gramstølen. Utsikt mot Salen
Like etter at vi var ferdige med hyttevegen til Gramstølen. Utsikt mot Salen

Lang køyring for å komme på tur, men ikkje så lang køyring som vi hadde håpa på. Vi hadde sett på nokon rapporter at dei køyrde heilt øvst i Gramstølen, men vi vart møtt av ein låst bom. Vi parkerte da der bomvegen startar ved Maristova, og gjekk derifrå. Det vart 220 ekstra høgdemeter fordelt på 2,3 kilometer. Tung start, som tok tre kvarter. Vegen var ubrøyta, men greitt å gå i hjulspora.

Over hyttefeltet vart det litt tyngre, men finere. Suletinden dukka snart opp, samstundes med at vi hadde fin utsikt bak oss om vi snudde oss. Etter kvart dukka også Hurrungane opp i det fjerne nord, og meir av Jotunheimen. Sulefjellet vart også synleg da vi kom eit stykkje opp i sida.

På veg oppover høyrde vi eit alvorleg brak, nesten som torden. Da vi såg bakover såg vi eit gedigent ras som gjekk like nedunder Bleia.

I bratta nedunder toppen på Suletinden var Kristine litt engsteleg med tanke på brattheita og snøen, men eg følte at det var heilt trygt, så vi gjekk oppover. Det løyste seg bra opp, og vi kom oss på toppen. På grunn av snøforholda, satt vi at skia på om lag 1740moh, og gjekk på føtene det siste stykke.

Ned følgde vi same veg ned til om lag 1630moh, og sklei ned i skardet mot Sulefjellet. Der tok vi på at fellane, og gjekk dei tre hundre tunge høgdemetrane opp til Sulefjellet. Flott utsikt!

Flott køyring ned at, men ein del staking mellom 1460moh og 1380 moh.

Ein aldeles strålande tur!

På veg oppover mot Suletinden. Sulefjellet i bildet
På veg oppover mot Suletinden. Sulefjellet i bildet
Mot Suletinden frå om lag 1550moh.
Mot Suletinden frå om lag 1550moh.
Sulefjellet frå Suletinden
Sulefjellet frå Suletinden
Utsikt vestover frå Suletinden
Utsikt vestover frå Suletinden
Stort snøras utløst like nedunder Bleia
Stort snøras utløst like nedunder Bleia
Utsikt mot Jotunheimen frå Suletinden
Utsikt mot Jotunheimen frå Suletinden
Kristine på Suletinden
Kristine på Suletinden
Kristine på Sulefjellet
Kristine på Sulefjellet
Suletinden frå Sulefjellet
Suletinden frå Sulefjellet
Hurrungane frå Sulefjellet
Hurrungane frå Sulefjellet
Utsikt sørover frå Sulefjellet
Utsikt sørover frå Sulefjellet
Like nedunder Sulefjellet
Like nedunder Sulefjellet
Nedkøyringa frå Sulefjellet
Nedkøyringa frå Sulefjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.