Baksing til Buskefjellet (14.03.2020)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 0h 57min
Distance 1.4km
Vertical meters 210m
GPS
Ascents Buskefjellet (123m) 14.03.2020

Eg hadde bestemt meg for "ein kjapp tur" ekstra utover Høgeskolten/Granefjellet, for å fullføre toppane på Atløy. Etter det eg kunne sjå, var det grei skuring, sidan toppen er så liten. Men som eg har erfart tidlegare, så er ikkje det nødvendigvis at dei minste toppane er dei enklaste å bestige. Eg lokka til og med turfølget mitt med på "ekspedisjon". Det var ingen tydelig sti, så det er sannsynleg at dette ikkje er ein topp mange vel å bestige. Eg trur nesten ikkje lokalbefolkinga veit om denne toppen. (Eg veit om minst 1 som kjem under den kategorien). Vi lurte på å velje "skaret", men utan tydeleg sti og visste vi ikkje om vi kunne gå der. Vi valte med andre ord ikkje "skaret" på veg opp, men på veg nedatt. Vi kan vel sei det kom ut eit par "ukvemsord" både på veg opp og ned. Då det som kunne sjå ut til å være ein sti, var gjengrodd av einebusker. Det som i utgangspunktet skulle være "ein kjapp tur" var vel alt anna enn ein "kjapp tur". Utsikta på toppen var i alle fall ikkje noko å klage på, og det var vel kanskje vert all kavinga, både opp og ned.

Då vi kom ned att såg vi at vi hadde 10 minutt til ferga gjekk og fann ut at det kunne vi rekke. Utfordringa er at når det er 10 minutt til ferga skal gå, møter du alle som har køyrt av ferga og på ein veg som kun er plass til 1 bil, så kan det ta litt meir enn 10 minutt.
Kan nemne at vi rakk ferga med "knapt eitt minutt". Bommen var gått ned og lemmen var på veg opp. Men i siste sekund såg dei oss og vi slapp inn på ferga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.