Høgevarde (23.02.2020)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Høgevarde (1,459m) 23.02.2020

Vinterferien gjekk mot ein ende og ei kjapp oppsummering av ferien kan godt være vind og vær eller vær og vind.
Fruen ville på langrennsskitur og eg fekk lov til å være med. Turen gjekk frå Bøsætersida og mot Djupsjøen. Eit par kilometer før Tempelseter var det spørsmål om å snu og gå øvre løype attende, men eg syntes vi burde gå heilt til Tempelseter. Som sagt så gjort og da vi kom til Tempelseter lurte plutseleg Fruen på om eg var interessert i å svinge oppom Høgevarde. Eg lot meg motvillig overtale og heldigvis viste det seg at i min gigantiske oppakning bestående av dei magiske buddhistiske sju ting (to typer skismurning, kork, kredittkort og mobil var den sjette tingen DNT nøkkelen. Flaks.
Dei femhundre høgdemetrane opp frå Tempelseter vart unnagjort og tilfeldigvis hadde det seg sånn at den sjuande tingen i goodybagen var ei seigmannpakke med ein einsleg søt kommunist Laban.
Vinden reiv godt på toppen så nokon lang seanse vart det ikkje.
Nedoverturen gjekk radig i nypreparerte skispor.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.