Forsøk på Almåsen frå Døvik og Kjortåsen frå Hellandsheia (04.02.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Kjortåsen (439m) 04.02.2020

Gjorde først eit forsøk på Almåsen frå Døvik denne finversdagen etter eit kraftig snøfall. Bar skia med opp traktorvegen, og dei kunne tas på eit stykke nedanfor Paddevatnet. Håpet var at det var skiterreng vidare innover, men det viste seg derimot å vera småkupert med lyngtuer, så det vart vendereis etter få hundre meter langs Paddevatnet.

Tilbakeblikk mot Døvik og Døvikhammaren
Tilbakeblikk mot Døvik og Døvikhammaren
Ved Paddevatnet med utsikt mot Almåsen
Ved Paddevatnet med utsikt mot Almåsen
Ved Paddevatnet med utsikt mot Krossnesheia
Ved Paddevatnet med utsikt mot Krossnesheia

I staden gjekk vegen til Kjortåsen. Det vart ein sjeldan tung tur med snøvassing den korte normalvegen frå Hellandsheia. Umulig å følgja stien, så det blei ganske krevande i bratt og snødekt lende. Flott ver med solskin og framifrå utsikt, heile 32 år sidan sist!

Frå oppunder Kjortåsen mot Bjørheimsbygd (Bygdå) med Holtaheia og Skjørbu
Frå oppunder Kjortåsen mot Bjørheimsbygd (Bygdå) med Holtaheia og Skjørbu
På Kjortåsen med flott utsikt mot Tau og Ryfylkebassenget heilt vest til Bokn
På Kjortåsen med flott utsikt mot Tau og Ryfylkebassenget heilt vest til Bokn
Frå Kjortåsen mot Heia med Nordlandsvatnet og fjorden med Heng og Hidle
Frå Kjortåsen mot Heia med Nordlandsvatnet og fjorden med Heng og Hidle
Frå Kjortåsen mot Hellandsheia og bl.a. Longaberg
Frå Kjortåsen mot Hellandsheia og bl.a. Longaberg
Infrastrukturen som gjer Kjortåsen så kjennesleg i våre dagar
Infrastrukturen som gjer Kjortåsen så kjennesleg i våre dagar
Ved toppvarden på Kjortåsen
Ved toppvarden på Kjortåsen
Retur frå Kjortåsen med utsikt mot Åsvatnet, Barkafjellet og Jørpeland med Botsfjorden
Retur frå Kjortåsen med utsikt mot Åsvatnet, Barkafjellet og Jørpeland med Botsfjorden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.