Jarphaugen på ski (19.02.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Bøfjorden Grendahus
Characteristic Ski trip
Map
Ascents Jarphaugen (322m) 19.02.2020

Litt uventa kom det ein onsdag med klårvær og sol her på Nordmøre, så da vart det anledning for enda ein skitur før nasen blei vend tilbake til østlandet. Jarphaugen i Bøfjorden blei satt som mål, ein heller beskjeden topp, men med over 100 meter pf.

Det er parkeringsmoglegheiter rett ved der turstien startar, men snøfall og mangel på brøyting gjorde at bilen blei satt att ved Bøfjorden Grendahus. 100 meter tilbake langs bilvegen finn ein skilt til Svartvatnet, og turstart.

Opp skogsvegen var det fint skiføre, og snøen hadde ligget urørt fram til eg no trødde meg oppover. Slak stigning inn til Svartvatnet og vidare innover langs skogsvegen. Ca ein kilometer forbi Svartvatnet deler vegen seg, og ein held opp til venstre for å peile seg inn på Jarphaugen. Ved neste vegskille held ein framleis god kurs mot venstre. Vegen går herifrå over til sti, og den smalnar av og bratnar til opp gjennom granskogen. Vegen endar brått ved eit nytt skogholdt, men no er det ikkje langt att, og det gjenstår berre å stable seg opp lia i ytterkant av skogholtet opp til toppen. Vel opp er det to haugar: den ein møter først, og ein litt lengre inn. På peakbook-kartet har den første fått nåla, og den andre fått navnet, så det bar bortom begge for å vere på den sikre sida.

Nedrenninga var bratt for ein på langrennsski, men snøen var laus og djup, og bremsa effektivt. Nede ved første vegskille blei det rett så fint å skli ned att til bilvegen. Ein fin tur til ein topp som absolutt kan gjerast på ski.

User comments

  • -
    avatar

    Jarphaugen

    Written by BjørnF 19.02.2020 18:31

    Hvis en vil være på den sikre siden og vil ha vært på det absolutt høyeste punktet, må en studere kartet nøye. Rødnåla er plassert feil, her som på veldig mange andre topper. Topppunktet ligger 15 meter lenger mot nordvest.

    • -
      avatar

      Sv: Jarphaugen

      Written by simenee 19.02.2020 20:33

      Ja, jeg har også erfart at nålens plassering ofte kan være lunefull, så er jeg i tvil blir det alltid helgardering. Er jo også vanskelig å avgjøre hva som er høyeste punkt selv når man står der, så ender som oftest opp med å gå innom alle aktuelle toppunkt.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Jarphaugen

        Written by SturlaS 20.02.2020 07:03
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Jarphaugen

          Written by simenee 20.02.2020 08:10
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.