Eldridåsen (10.01.2020)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Nordenden av Lerangsvatnet (14m)
Endpoint Nordenden av Lerangsvatnet (14m)
Characteristic Hike
Duration 8h 30min
Map
Ascents Askjeliåsen (130m) 10.01.2020
Eldridåsen (245m) 10.01.2020
Foreåsen (131m) 10.01.2020
Furåsen (165m) 10.01.2020
Hausvikkammen (196m) 10.01.2020
Iglåsen (98m) 10.01.2020
Kalvberg (184m) 10.01.2020
Nedrafjellet (156m) 10.01.2020
Sjydningshammaren (86m) 10.01.2020
Skifteåsen (146m) 10.01.2020
Vardatoppen (194m) 10.01.2020

Gjekk på gjengrodd skogsveg nordover første stykket, og så på skrå mot venstre på gradvis meir utydelig sti til Foreåsen. Vidare stort sett stilaust til Vardatoppen og ned til vegen mot Gåsavatnet. Fulgte dyretråkk opp austryggen mot Eldridåsen, og kom så inn på raudmerka tydelig sti som kjem frå Nordland. Flott utsikt vestover frå Eldridåsen, men skog øydelegger det meste av utsikten ellers. Fulgte så ein blåmerka sti ned den nokså bratte vestsida, og kom då ned til bakketoppen på vegen mellom Bergsvika og Bruravika.
Vidare over Nedrafjellet, Askjeliåsen, Iglåsen og Skifteåsen før det blei mørkt. Så i fullmåne til Furåsen der eg ikkje fant noko trigpunkt/ jernbolt, men er sikker på at eg var på toppen. Nordover til Hausvikkammen som har ein markert knaus som høgaste punkt i skogen. Så til Kalvberg som har trigpunkt/ jernbolt på toppen. Gjekk så ned til vegen der eg hadde lagt frå meg ein sykkel dagen før så eg kunne sykla dei snaut 10 km tilbake til utgangspunktet. Var då oppom Sjydningshammaren som har veg meste heilt opp.

Gjengrodd skogsveg opp frå nordenden av Lerangsvatnet.
Gjengrodd skogsveg opp frå nordenden av Lerangsvatnet.
Utsiktspunkt på sørkanten av Foreåsen mot Tverrfjellet og Sokkaknuten.
Utsiktspunkt på sørkanten av Foreåsen mot Tverrfjellet og Sokkaknuten.
Vestover mot Høgsfjorden og Sandnestopper i bakgrunnen.
Vestover mot Høgsfjorden og Sandnestopper i bakgrunnen.
Spinkel varde på Vardatoppen.
Spinkel varde på Vardatoppen.
Toppen av Eldridåsen med vardebok på furutreet t.h.
Toppen av Eldridåsen med vardebok på furutreet t.h.
NNV mot Idsefjorden. Idse t.v. og Jørpeland t.h.
NNV mot Idsefjorden. Idse t.v. og Jørpeland t.h.
Skogstoppane eg besøkte på siste del av turen ses i venstre bildehalvdel. Jørpeland bak.
Skogstoppane eg besøkte på siste del av turen ses i venstre bildehalvdel. Jørpeland bak.
Austover mot Hesten 421 og Viddasfjellet 475.
Austover mot Hesten 421 og Viddasfjellet 475.
Ein stor heller i vestsida av Eldridåsen.
Ein stor heller i vestsida av Eldridåsen.
Bratt parti med utlagt tau i vestsida av Eldridåsen.
Bratt parti med utlagt tau i vestsida av Eldridåsen.
Blåmerka sti til Eldridåsen frå bakketoppen mellom Bergsvika og Bruravika.
Blåmerka sti til Eldridåsen frå bakketoppen mellom Bergsvika og Bruravika.
Eldridåsen t.h. sett frå sørkanten av Nedrafjellet.
Eldridåsen t.h. sett frå sørkanten av Nedrafjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.