Skitur i Vest-Torpa (02.01.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 2h 55min
Distance 15.2km
Vertical meters 406m
GPS
Ascents Jentehaugen (873m) 02.01.2020 15:03
Ohovde (937m) 02.01.2020 16:14

Juleferien er slutt, og Kristine og eg køyrde attende til Valdres. På vegen dit tok vi ein stopp i Torpa, for å gå ein skitur og for å få årets fyste nye toppar.

Vi parkerte i vegkanten der skiløypa kryssa vegen, men fann ut etterpå at det var ein parkeringsplass ved Smedsrud.

Vi gjekk i vegen på dei to dagar gamle, men perfekte, skiløypane. Mykje oppover til å byrje med. Vi følgde skiløypa til Klettvatnet, derifrå vart det brøyting. Kristine var sprek, og tok seg av brøytejobben. Ikkje utsikt på Jenthaugen.

Ned att same veg frå Jenthaugen.

Opp til Ohovde følgde vi trugespor. Kristine som er liten og lett, gjekk greitt oppå. Eg som er noko tyngre, sank jamnt og trutt i gjennom. Det vart ein tung tur opp, men flott utsikt på toppen.

På toppen tok vi på lykter, men berre Kristine sin hadde strøm.

På Jenthaugen
På Jenthaugen
På Ohovde
På Ohovde
På Ohovde
På Ohovde
GPS-sporet til Kristine. Peakbook-appen min samarbeida ikkje, og lagde berre rette strekar.
GPS-sporet til Kristine. Peakbook-appen min samarbeida ikkje, og lagde berre rette strekar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.