Flott hausttur i finver rundt Liarvatnet med omvegar - motsett veg og med andre toppar enn forrige tur. Følgte stien opp i Terneskardet og vidare merka bratt, men greit til topps på Ternefjell. Praktfull utsikt over Longabergdalen og Liarvatnet herifrå.
Vidare stilaust over Terneheia og greit nedover mot høgda på 567moh før eg skrådde ned mot Tysdalsheia. I skogen her skremde eg opp ein flott tiur som brasa opp frå lyngen. Hadde sett meg ut Solknuten sidan det var heile 28 år sidan sist, og busha bratt opp i skardet mellom toppane på nordsida. Flott og kjennesleg utsikt mot Liarvatnet, Forenesvatnet, Holmavatnet og Tysdalsheia.
Retur same veg, og fordi eg ikkje visste om eg kom over elva ved Forenesvatnet, gjekk eg vestanfor Solknuten og heilt ned til hengebrua ovanom Grimsli. Sidan det var lenge sidan eg hadde gått opp til Holmavatnet, la eg ein god omveg opp langs Tverråna og den vakre utløpsosen i Holmavatnet. Damstilt og fint - absolutt eit av høgdepunkta på turen!
Så vart det retur opp Gudbrandsdalen, oppom Liarknuten og ned aksla under Heiahodnet. Det var drygt under Heiahodnet; ikkje ein sti eg vil foretrekka i framtida - heller ut den vakre Småsildalen. Tilbake ved bilen etter drøye 4 ½ timar og 1000 hm på tur. Gjekk i ulltrøya heile turen, vindstilt og mildt som det var.
User comments