Liarvatnet rundt #1, om Skorafjellet og Reinaknuten (23.09.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Vestre Reinaknuten (787m) 23.09.2019
Skorafjellet (637m) 23.09.2019

Endå ein flott haustdag og tur i Jørpelandsheia. Gjekk langs Liarvatnet til Grimsli i nokså kraftig austavind. Stien bar tydeleg preg av å ha sett sine beste dagar, men for eit imponerande arbeid som er lagt ned der, hellelagt gjennom urdene og med bruer her og der. Kom inn i sola i Grimsli etter ¾ time, fann så hengebrua over til nordsida av elva og etter kvart stien som går på vestsida av Solknuten.

Ikkje feil å starta frå Liarvatnet i slikt ver! Klassisk motiv av Heia- og Småsilhodnet

Naturen sitt eige kunstverk
Naturen sitt eige kunstverk
Mot Grimsli med Solknuten og Krunefjell bakerst

I Grimsli under Solknuten. Her var det ein etter forholda rik husmannsplass frå ca. 1790 til 1918

Over Grimsliåna på hengebru
Over Grimsliåna på hengebru
Langs bekken frå Tysdalsheia, vest for Solknuten

Det var praktfull haustmyr med innslag av foreskog oppover mot Tysdalsheia, og fin utsikt mot Krunefjell, Reinaknuten og dagens hovudmål Skorafjellet. Tok kurs aust om blautmyra (den nederste tjødna) på Tysdalsheia, stilaust og tungt i stigninga mot Skorafjellet. Skremde opp ei orrhøne i krattskogen her. Skorafjellet var ekstremt oppsprukke på austsida, men eg fann ein grei oppgang i den grove blokkurda. Gjekk på ei fredeleg grønspette, som var like nysgjerrig på meg som eg var på henne. Flott utsikt frå toppen, som nok ikkje har mange bestigningar i året; flott tilbakeblikk mot Tysdalsheia, dramatisk mot Tysdal/Målandsdalen og den markerte veggen på Reinaknuten. Brukte akkurat 2 timar hertil frå parkeringa ved Liarvatnet.

Vest for Solknuten
Vest for Solknuten
Vakker haustmyr vest for Solknuten, med Krunefjell i bakgrunnen

Tilbakeblikk i retning Grimsli, med Heiahodnet dominerande

Kraftige fjellforer er karakteristisk for denne delen av Jørpelandsheia

Ved den nederste tjødna på Tysdalsheia mot dagens mål, Skorafjellet og Reinaknuten

I tørrare lende med tilbakeblikk mot Forenesvatnet og den nederste tjødna på Tysdalsheia

Frå same staden mot Skorafjellet, Reinaknuten og Ternefjell

Mot Krunefjell med Fonna framfor
Mot Krunefjell med Fonna framfor
På veg opp i blokkurda aust for Skorafjellet. Grønspetta har kamuflert seg i venstre bildekant

Frå Skorafjellet mot Krunefjell og Salane, med brekket mot Tysdal/Målandsdalen til venstre

Brekket mot Tysdal/Målandsdalen med Rv. 13 delvis synleg

Mot Holtaheia med Lauvåsen dominerande; ellers ser me Tjelmavatnet

Mot den ruvande Reinaknuten
Mot den ruvande Reinaknuten

Herifrå var det kjend veg ned og opp til Reinaknuttjødnane etter turen hit frå Bjørheimsheia i fjor. Det vart ein kort matpause i le for vinden ved tjødnane før kursen vart lagt oppom Reinaknuten - eg måtte oppom her etter forrige skoddetur. Toppa ut ved den velkjente og staselege varden ¾ time etter Skorafjellet i plagsomt sterk vind, så det vart ingen pause her.

Bratt nedstigning i urd frå Skorafjellet. Det er like bratt vidare opp i skardet under Reinaknuten

Frå same staden mot Skorafjellgjuvet, med Lauvåsen i bakgrunnen

Tilbakeblikk mot Tysdalsheia med Krunefjell, Solknuten og Forenesvatnet

I skardet under Reinaknuten med tilbakeblikk mot Skorafjellet

Frå same staden med utsikt over Tysdalsheia med Krunefjell og Forenesvatnet

Pause ved Reinaknuttjødnane
Pause ved Reinaknuttjødnane
På veg mot Reinaknuten med utsikt mot austtoppen som er lite dominerande herifrå

Klassisk motiv frå Reinaknuten, ein av dei finaste utsiktstoppane i Ryfylke

Mot Tysdalsvatnet, Bjørheimsvatnet, Bygda og Tau. Til venstre sjåast Krossen, Skjørbu og Kjortåsen, og til høgre Holtaheia

Gjekk normalvegen ned på flata og så vidare på merka sti ned det dramatiske skardet med grov blokkurd til Longabergdalen. Guffa på vidare beine vegen over dalbotnen og opp til Terneskardet, ¾ time hit frå Reinaknuten. Så på grei sti tilbake til bilen på ½ time. Til saman 4 framifrå fine timar på tur!

Nedstigning via normalvegen med utsikt mot Krossen

Bratt nedstigning mot Longabergdalen gjennom det markerte skardet med grov blokkurd. I bakgrunnen sjåast bl.a. Svortingsvatnet

Her har det vore store krefter i sving!
Her har det vore store krefter i sving!
Skardet sett nedanfrå. Det er merka sti gjennom det - ellers ikkje eit sjølvsagt vegval

Mot botnen av Longabergdalen med Heiahodnet dominernande

I Longabergdalen med tilbakeblikk mot skardet

I Terneskardet, og ringen er straks slutta

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.