Liafjellet og Moltenuten (31.08.2008)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Langafjellheia (710m) 31.08.2008
Liafjellet (639m) 31.08.2008
Lomakjelnuten (702m) 31.08.2008
Moltenuten (777m) 31.08.2008

Gjekk frå rv 13 sør for Sand på traktorveg og merka sti opp Giskedalen over Horsmyrane opp til Liafjellet som hadde vardebok og inngår i eit lokalt toppturprosjekt. Gjekk så sørvestover Langafjellheia og Lomakjelnuten til Moltenuten. Flott utsikt både utover fjorden og innover Suldlasheiane. Gjekk ned langs nordsida av Velavatnet under den stupbratte fjellsida og kom inn på en sti på austsida av Langafjellheia forbi Øystøl. I skaret sør for Liafjellet gjekk eg nordvestover ned i skogen og kom etter kvert inn på på ein annan sti og traktorveg ned til rv 13 ved Vela. Lettskya og varmt seinsommarver denne sundagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.