Toppraid i (nordre) Strand #3 (14.12.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hamrane (395m) 14.12.2019
Heggeimsfjellet (336m) 14.12.2019
Taurafjellet (144m) 14.12.2019

Fin desemberdag for plukking av to kortreiste toppar på pf≥100m lista for Strand. Gjekk først på Taurafjellet frå parkering ved bensinstasjonen på Tau, på god sti frå øvst i Vågadalsvegen. Gjennom variert skogsterreng, først fin lauvskog med eik, sidan tettare barskog. Fint utsiktspunkt over Tauravågen før sjølve toppen, der det var meir utsikt over Hidlefjorden.

Ein æra er på hell; ferja har ein av sine siste avgangar frå Tau
Ein æra er på hell; ferja har ein av sine siste avgangar frå Tau
Utsikt over Tauravågen med Krossvatnet, mølla og ferjekaien. Kjortåsen dominerer i bakgrunnen
Utsikt over Tauravågen med Krossvatnet, mølla og ferjekaien. Kjortåsen dominerer i bakgrunnen
Mot Rennesøy og Talgje
Mot Rennesøy og Talgje

Retur same veg og vidare til Heggheim og Heggheimsfjellet. Her var det endring sidan ein del andre turrapportar var skrivne, f.eks. rapporten på Rogafjell frå 2013. Nå var det m.a. eit høgt gjerde mellom parkeringa og toppen, og eg valde å følgja traktorvegen så langt han gjekk, før eg busha stilaust rett opp gjennom granskogen. Dette gjekk greit, og snart åpna terrenget seg ved det nordlegaste toppunktet med fjellbolten etter det gamle trigpunktet. Eg tok dette som óg er merka på Peakbook for å vera hovudtoppen, og freista ikkje lukka på det sørlege skogkledde toppunktet. Følgte blåmerka "sti" ned att, men kom ikkje over det nevnte gjerdet, så det vart omveg til traktorvegen att.

På toppen av Heggheimsfjellet med utsikt mot Bjørheimsvatnet og Tjøstheim
På toppen av Heggheimsfjellet med utsikt mot Bjørheimsvatnet og Tjøstheim
Litt aust for toppunktet med utsikt mot Lekvamsåsen, Holtaheia og Tysdalsvatnet med Reinaknuten
Litt aust for toppunktet med utsikt mot Lekvamsåsen, Holtaheia og Tysdalsvatnet med Reinaknuten

Før retur til Jørpeland kjørte eg over Heia og Barkastølvegen (Utsiktsvegen) til Leite, og fekk med meg den lite påakta, men fine utsiktstoppen Hamrane. Var oppom alle toppunkta, men det midtre som óg er merka på Peakbook var utan tvil høgast. Flott utsikt mot Leite og Heia med Åsvatnet.

Frå oppunder toppen av Hamrane mot Longaberg
Frå oppunder toppen av Hamrane mot Longaberg
Frå same staden mot Leite og fellesbeitet
Frå same staden mot Leite og fellesbeitet
Frå toppunktet med kasse med tilbakeblikk mot høgste punkt. Det er litt av ein "skyline" me ser; i venstre halvdel Reinaknuten/Krossen, Ternefjell, Tibergfjell, Heia- og Småsilhodnet. I midten Revafjellet, og i høgre halvdel Naganibba, Homsknuten og Førlandsåsen

Mot Barkafjellet og Åsvatnet
Mot Barkafjellet og Åsvatnet
Mot Heia og Kjortåsen
Mot Heia og Kjortåsen

Det går fleire stiar til Hamrane. Eg gjekk opp stien som startar der traktorvegen frå Fjelde kjem opp på Utsiktsvegen. Her er det raudmerka til topps via ein litt nordleg trase. For meir direkte opp- og nedstigning kan det vera lurt å følgja blå merke som etter kvart kjem til syne.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.