Mauga Silisili (21.11.2019)

Written by Snusmumrikken (Rune Hana)

Map
Ascents Mauga Silisili (1,858m) 21.11.2019

Denne turen var ikkje bare enkel og få til.
Området høyrer til ein lokal landsby, Aopo.
Og ligg i Aopo conservation area.

Tok kontakt med turistbyrået i Samoa, dei kunne ikkje hjelpe. Men henviste til nokre telefonnummer. På desse fekk eg dårleg svar på Whats App frå eit nummer. Men ingenting og bygge vidare på.
Tok deretter kontakt med diverse tur-selskap, hotell o.s.v og var ein kasteball hit og dit.

Til slutt så fekk eg eg hjelp, ein resort som heiter Vaimoana på Savaii øya.
Her kun Michelle hjelpe oss, det skulle vise seg at onkelen hennes var Chief i landsbyen.
Me fekk avtalt dato, og pris.
150WST per person, ca 500,- NOK. Me ville då få 2menn frå landsbyen med oss.
Dei hadde telt og turen kom til og ta 2dagar.

Sjølvsagt mitt i vår reise, når me var på flyplassen i Auckland fekk me beskjed heimafrå om meslingutbrudd og unntakstilstand på Samoa.
For seint og snu for vår del, og ingen info frå flyselskapet.

Me reiste til øya Savaii dagen før og overnatta på lodgen som hadde ordna for oss.
Neste morgon 07.30 så reiste me, 20-25min kjøyretur til landsbyen.
Me fekk med oss 2stk, Nanu og Beala. Nanu hadde med seg matchete for og rydde stien.

Turen starta på skogsbilveg, det var varmt og etter ca 4km gjekk me inn på stien i jungelen.
Det blei etterkvart søylete og veldig bratt, me hadde drikkepauser innimellom.
Nanu kutta opp og laga sti for oss.
Etterkvart kom også regnet, men hadde pause i ei lysning der Nanu forklara at han hadde hogd fram meir lys til eit appelsintre.

Me kom etterkvart fram eit område der lavaen hadde rent, her var det meir opent og masse blåbærbuskar! Namnam.

Etter ca 9-10km så kom med fram til camp, her hadde dei i fjor bygd ein do og regnsamlar.
Dei er nok eindel opp hit for og plukke bær og slikt.
Me hadde ein ordenteleg tropisk regnstorm, men fekk etterkvart opp telta og bygd ekstra tarp over vårt det var ikkje så regntett.

Sidan me hadde hatt sø mykji regn, så bestemte me oss for og utsette toppstøtet til neste dag, du vil ikkje vere i jungelen i mørket...

Neste morgon, var det litt regn men me avventa og det letna.
Me pakka ned telta, alle utanom meg som ville ha med kamera og drone satte igjen sekkane.
‘Stien’ til toppen var heilt gjengegrodd, men Nanu kutta fram veg til oss.
Det var både søylete og til slutt veldig bratt siste 150høgdemeterane til toppen.

Men Nanu fant lett fram og etter 1t og 54min sto me på toppen, rask tid i følge Nanu.
Me fekk tatt bilder, flydd litt drone etter dei kutta opp litt åpning.

Så var det tida for retur, eg sklei og fekk eit kutt som måtte rensas og plastrast.
Cecilie hadde fått eit stygt gnagsår som også trengte stell.

Me gjekk innom camp, fekk i oss litt snack og tusla deretter ned igjen.
7.5time på tur i dag og 18-20km.

Dette var litt av eit eventyr, og me lurar på om me kan vere dei første Norske på toppen?
Bilder kjem ;-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.