Fjelltur langs Jostedalsbreen (Briksdalen-Balestrand) (04.07.2019)

Written by Albrecht (Albrecht Hofheinz)

Start point Melkevoll/Briksdalen
Endpoint Sværen/Bakketun
Characteristic Trip by foot
Duration 120h 00min
Map
Ascents Trollavatnet (1,028m) 04.07.2019
Visits of other PBEs Bomveg Fossheimsdalen (235m) 04.07.2019
Bomvei Haugadalen (340m) 04.07.2019
Hov (Gaular) parkering (455m) 04.07.2019
Kvia (520m) 04.07.2019
Likholefossen (433m) 04.07.2019
Likholefossen parkering (436m) 04.07.2019
Parkering -Dammen (520m) 04.07.2019
Sværadalen p-plass (175m) 04.07.2019

https://vandregruppa.dnt.no/aktiviteter/108887/869076/

Sveinung og jeg var turledere.

Josten på langs er ein vanleg vårskitur. På sommarføre høver det betre å gå langs Jostedalsbreen enn gå på breen. No går ikkje denne turen heilt frå nordenden av breen, men til gjengjeld held turen fram forbi Jostedalsbreen og sørvestover til Sognefjorden. Dalane skjer seg heilt inn til breen, så det blir mykje opp- og nedstiging, som gjer dette til ein krevjande tur. Som løn for strevet får vi oppleve eit variert landskap, jordbrukslandskap i dalane, skogsterreng i liene og høgsfjellsterreng rundt breen. Dei fleste dagsetappane er som på ein vanleg tur frå hytte til hytte, 6-7 timar, men eit par dagsetappar vil vere lenger.

Onsdag 3. juli buss til Stryn, maxitaxi til Melkevoll bretun, overnatting i campinghytte. Om vi har lyst, kan vi gå ein kort tur i området før vi lagar middag.

Torsdag 4. juli over Oldeskaret til Høyset i Stardalen, overnatting i campinghytte.

Fredag 5. juli over frå Fonn inst i Stardalen til Befringsdalen, overnatting i hytte på Befringsstølen.

Laurdag 6. juli gjennom Steinbotnen over til Fossheimsdalen og ned til Skei. Buss til Lunde turiststasjon og overnatting i hytte der.

Sundag 7. juli opp Lundaskaret, den brattaste av alle T-merka ruter, og over til Haukedalen. Overnatting på Årskogstølen.

Måndag 8. juli over Årskogheia og Holtaskaret til Flatheim gard i Viksdalen, overnatting i utleigerom i gardshus.

Tysdag 9. juli langs Fossestien opp mot Gaularfjellet og deretter gjennom Sværeskaret og ned til Sværefjorden, ein arm av Sognefjorden.

Oppreise: Nordfordekspressen frå Oslo bussterminal kl 0930 til Stryn kl 1750. Maxitaxi til Melkevoll bretun.

Heimreise: Buss frå Balestrand til Sogndal. Nattbussen frå Sogndal kl 2200 til Oslo kl 0655 onsdag 10. juli.

Kart: Norgeserien 10063 Jostedalsbreen og 10054 dekkjer det aller meste av turen.

Utstyr: DNT pakkeliste sommar

Kostnad: Overnatting kjem på omlag 1 000 kroner per deltakar derso turen blir full. Kostnader elles: Reise til og frå, felles maxitaxi og mat som turleiaren kjøper inn og deler utgiftene på deltakarane. Vi tek inn ein førehandssum ved påmelding og så lagar vi eit sluttoppgjer etter turen.

Deltakartal: 7 inkludert to tureiarar

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.