VG Jubileumstur til Oppkuven (03.11.2018)

Written by Albrecht (Albrecht Hofheinz)

Map
Ascents Langtjernbrenna (620m) 03.11.2018
Oppkuven (704m) 03.11.2018
Småflaka øst (650m) 03.11.2018
Såta (689m) 03.11.2018
Visits of other PBEs Skansebakken (187m) 03.11.2018
Smedmyrkoia (315m) 03.11.2018

https://vandregruppa.dnt.no/aktiviteter/101976/860823/

Oslomarka byr ikkje på fjellterreng, men vi kan så vidt kome over 700 m.o.h. nokre stader. Oppkuven er den av desse stadene som er nærast byen. Skog stengjer for utsynet frå toppen, men det er sett opp eit tårn som gjer at vi kjem over skogen og får utsyn over store deler av Nordmarka og Krokskogen. Men det er ikkje berre utsynet vi ser etter. Vi er i Oppkuven og Smeddalen naturreservat, eit spesielt vakkert gammalskogsområde verna fordi det «inneholder sannsynligvis det mest urskognære skogbildet i hele Marka, og spesielt gamle grantrær». Vi skal sjå på «Gamla», som i levetida si (1545-2012) var det tredje eldste grantreet i Noreg, og prøve å finna Smaltjernsgrana (frå 1578) og Gjelleråsen-grana (frå 1592).

På vegen oppover går vi forbi Nedre, Midtre og Øvre Lysedam og ein tur innom Smedmyrkoia. Vi går ei anna rute nedover, slik at vi får oss ein rundtur, og slik at dei som samlar på kjentmannspostar, kan stemple boka ved Langtjern og ved utsynspunktet på Stuteskallen (nokon geo-cacher finst òg undervegs).

Turen er på ca. 25 km, mykje på blåmerka sti, men vi går også litt i skiløyper, som ofte går i myrlendt terreng, og litt utanfor sti.

Oppmøte: Skansebakken (busstopp) kl 0845. Buss frå Røa T kl 0825. Sørkedalsbussen korresponderer dårleg med T-banen så tidleg om morgonen, så buss er det beste alternativet også frå sentrum til Røa. Anten buss 32 frå Tollboden kl 0756 til Røa T kl 08.23, eller buss 45 frå Majorstua (i Sørkedalsveien) kl 08.02 til Himstadplassen kl 08.16, fire – fem minuttar gangtid derifrå til Peder Ankers plass, der Sørkedalsbussen stoggar kl 0830. Den som vil ta t-banen, må ta avgangen som går 07.48 frå Stortinget, som er på Røa 08.02.

Turleiarar: Sveinung Helgheim og Albrecht Hofheinz.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.