Toppraid i nordre Strand #2 (17.11.2019)
Written by Kaare_70
Ascents | Døvikhammaren (134m) | 17.11.2019 |
---|---|---|
Knuten (382m) | 17.11.2019 | |
Krossnesheia (451m) | 17.11.2019 |
Fin rundtur i nytt terreng, bratt opp traktorvegen frå Døvik, så over den tørrlagde bekken og på grei sti først mot Paddevatnet og så til topps på Knuten. Hadde ikkje planar om dette, men tenkte at det var fin utsikt derifrå. Så stilaust, kupert og tungt med minst mulig tap av høgde til topps på Krossnesheia, med praktfull utsikt over fjorden med Årdal og Nessa.
Retur direkte mot Paddevatnet og ned traktorvegen, før turen gjekk vidare til fots mot Døvikhammaren. Dette vart som venta ei lita nøtt. Nokre smågutar eg traff, sa at det var merka løype opp bratta, men den fann eg aldri. Det vart derfor rein bushing til topps frå søraust, bratt men kontrollert. Flott utsikt over fjorden med Nessa før retur same veg. Til saman drøye 3 timar på tur.
User comments