Revafjellet frå Liarvatnet (09.11.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Revafjellet (728m) 09.11.2019
Revafjellet vest (712m) 09.11.2019

Fin tur over begge toppane på Revafjellet. Det var strålande vermelding, men ganske overskya i Jørpelandsheia. Gjekk opp Lågalia på venstre side av elva som fossa lystig frå det nesten fulle Svortingsvatnet. Trass fleire minusgrader såpass tidleg på sesongen var det ikkje is på dei store vatna, men derimot på småtjødnane. Det var eit tynt snølag i høgda og tidvis glatt, men fint å vera på tur. Var oppom begge toppane før turen vart lagt om Nagaheia og bratt ned i Småsildalen på sørsida, der Småsilhodnet spegla seg malerisk i Botnatjødna. 1 time til topps på vesttoppen, 25 min. vidare til hovudtoppen, til saman 2 ¾ timar på tur.

Ved Svortingsvatnet med Naganibba dominerande bak til venstre
Ved Svortingsvatnet med Naganibba dominerande bak til venstre
Mot stemmen i Svortingsvatnet. Dei dominerande toppane er Kjeatofjellet og Homsknuten
Mot stemmen i Svortingsvatnet. Dei dominerande toppane er Kjeatofjellet og Homsknuten
Ved den islagte Holtjødna på Revafjellet
Ved den islagte Holtjødna på Revafjellet
Frå vesttoppen mot Holtjødna. Det er flott utsikt mot fjorden og bylandet bakerst. Av toppane er Homsknuten, Førlandsåsen og Barkafjellet kjenneslege
Frå vesttoppen mot Holtjødna. Det er flott utsikt mot fjorden og bylandet bakerst. Av toppane er Homsknuten, Førlandsåsen og Barkafjellet kjenneslege
Frå nedanfor vesttoppen mot Småsildalen med vakre Botnatjødna
Frå nedanfor vesttoppen mot Småsildalen med vakre Botnatjødna
Frå same staden mot Heia- og Småsilhodnet på andre sida av Småsildalen
Frå same staden mot Heia- og Småsilhodnet på andre sida av Småsildalen
Frå hovudtoppen mot inste del av Svortingsvatnet og Hengjanevatnet, med Husafjellet bakerst i midten
Frå hovudtoppen mot inste del av Svortingsvatnet og Hengjanevatnet, med Husafjellet bakerst i midten
Mot majestetiske Naganibba
Mot majestetiske Naganibba
På Nagaheia mot store Nagatjødna
På Nagaheia mot store Nagatjødna
Småsilhodnet speglar seg i Botnatjødna
Småsilhodnet speglar seg i Botnatjødna
Is-snerpe på Botnatjødna under Botnafjellet
Is-snerpe på Botnatjødna under Botnafjellet
Historisk kart frå 1855 over deler av Jørpelandsheia før kraftverka kom i perioden 1910-20.
Historisk kart frå 1855 over deler av Jørpelandsheia før kraftverka kom i perioden 1910-20.
Dagens kart over same området, med Dalavatnet, Liarvatnet og Svortingsvatnet regulert
Dagens kart over same området, med Dalavatnet, Liarvatnet og Svortingsvatnet regulert

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.