Fjellkjin (18.09.2019)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Austegardsvegen (540moh)
Sluttsted Austegardsvegen (540moh)
Turtype Fottur
Turlengde 8t 00min
Kart
Bestigninger Fjellkjin (868moh) 18.09.2019
Gunnarsheia (849moh) 18.09.2019
Olavsheii (838moh) 18.09.2019
Prestvardheiæ (840moh) 18.09.2019

Frå vegen mellom Espeli og Koland gjekk eg på ein skilta sti nordover mot Prestvardheiæ. Tydelig sti i begynnelsen, men som venta blei den gradvis meir utydelig. Kunne følge stien til ei hytte ved Kvæven før stien forsvant heilt. Fant igjen ein sti i sørsida av Prestvardheiæ. Små varder på begge trigpunkta på toppen. Gjekk vidare austover på sørsida av mange småvatn og så opp den bratte vestsida av Fjellkjin. Nye kart angir høyde 872 m på eit vestlig toppunkt og 868 m på trigpunkt. Trigpunkt/ jernbolt fant eg ikkje, men var oppom fleire jamnhøge knauser på topplatået. Ingen topp skilte seg ut som høgare enn dei andre. ØK med 1 m-koter viser heller ingen topp med høyde 872 m så den høyden må være feil på N50. Gjekk vidare sørover til Gunnarsheii og Olavsheii. Retur ned den bratte vestsida frå skaret mellom 830 og 838. Stedvis gode dyretråkk der. Kom ned til nordsida av Skåretjørn og gjekk over myr- og skogsterreng ned til vegen som eg fulgte ned til utgangspunktet. Lettskya kjølig ver med nordvest bris.

Skilting mot Prestvardheiæ.
Skilting mot Prestvardheiæ.
Nokonlunde grei sti til denne hytta på Kvæven.
Nokonlunde grei sti til denne hytta på Kvæven.
Prestvardheiæ.
Prestvardheiæ.
Trigpunkt litt nedanfor toppen på Prestvardheiæ.
Trigpunkt litt nedanfor toppen på Prestvardheiæ.
Utsikt over det regulerte Juvatn i nordvest.
Utsikt over det regulerte Juvatn i nordvest.
Varden på toppen av Prestvardheiæ.
Varden på toppen av Prestvardheiæ.
Austover mot Fjellkjin.
Austover mot Fjellkjin.
Oppe på Fjellkjin som har fleire toppunkt og småtjern.
Oppe på Fjellkjin som har fleire toppunkt og småtjern.
Utsikt mot nordaust.
Utsikt mot nordaust.
Søraust mot Hakefjellet som eg var på dagen før.
Søraust mot Hakefjellet som eg var på dagen før.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.