Ålfotbreen-Den vestligaste-Grenser til tre kommuner/Historie (19.10.2019)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Åskora (6m)
Endpoint Åskora
Characteristic Hillwalk
Duration 25h 17min
Distance 22.0km
Vertical meters 2,208m
GPS
Ascents Nykane austre (642m) 19.10.2019
Punkt på Ålfotbreen (1,361m) 19.10.2019

Kommunane Flora, Bremanger og Gloppen.
På tide no med ei ny natt ute i fjellheimen ilag og det i eit trivelig vennskap! Strålande meldingar og denne turen har stått på vent ei stund. Hausten i dette området er drivaren til å slå til i første og beste verhøve. Denne gangen passa det for oss begge etter alle forhold. Eg hadde eit forsøk tidlegare i sommer ifrå Blåbreen i ein kombinasjon med Blåbreen 1331moh ifrå Blåbrebu/Grøndalen. Sidan eg då var åleine og det var store synlege bresprekker og nedsmelta bruer i brefallet i dette området, så valgte eg å snu! Det satt litt inne då eg sto der og vurderte, men eg trur nok det var riktig valg. Bresprekkane her er ikkje store som "hus" Men om ein skulle falle gjennom her åleine og ingen dekning, var det god nok grunn til å bruke fornuft. Vi var på denne turen her ekstra heldige som fekk litt frosen nysnø opp mot toppen! Det letta siste steinura som fin avveksling. Breen virka snill ifrå varde NNV 1360 m og fjellryggen vidare inn mot breplatået, men vi valgte likevel å knyte oss raskt inn i tauet som var med som god ballast i sekken :) Kjekt er det å utforske terrenget og breane på sommertid/haust. Det på ei tid der ein virkeleg får oppleve eit kanskje litt meir nøysommelig og hærlegare kontrast terreng! Noko som ein også skal leite lenge etter. Karta som finnast er berre ein liten veiviser i dette terrenget på kva ein kanskje har i vente!! Eg trur eg kan med handa på hjertet, seie at dette er eit av favoritt områda :)
https://folk.uib.no/nglhe/Papers/Norgesgeologi%20kap7.pdf

Kveldslys ifrå Nykane Austre 642 m mot Snønyken 1241
Kveldslys ifrå Nykane Austre 642 m mot Snønyken 1241
Kveld ifrå Nykane Austre 642 m
Kveld ifrå Nykane Austre 642 m
Det vart betasuppe til kvelds i heimen!
Det vart betasuppe til kvelds i heimen!
Kartkos er obligatorisk :)
Kartkos er obligatorisk :)
Karlsvogna er eit kjært syn!
Karlsvogna er eit kjært syn!
Ein stopp for å nyte synet av omgivelsane med markante Høgefjellet 1411 og Bukkenibba 1520
Ein stopp for å nyte synet av omgivelsane med markante Høgefjellet 1411 og Bukkenibba 1520
Mot Ålfotbreen i solskin, laber bris & 2 grader blå
Mot Ålfotbreen i solskin, laber bris & 2 grader blå
Eindel småsprekker på platået!
Eindel småsprekker på platået!
Kan ein ha det betre...Ålfotbreen og majesteten Alden der vest ute i havgapet :)
Kan ein ha det betre...Ålfotbreen og majesteten Alden der vest ute i havgapet :)
For eit hærleg liv :)
For eit hærleg liv :)
Finurleg og fin natur!
Finurleg og fin natur!
Haustleg under Høgefjellet 1411 og ved Litle Åskorvatnet som ikkje er meir!
Haustleg under Høgefjellet 1411 og ved Litle Åskorvatnet som ikkje er meir!
Frimerke av ein landingsplass ved Nedre Sødalsvatnet & kraftdemning.
Frimerke av ein landingsplass ved Nedre Sødalsvatnet & kraftdemning.
Nydelige legder!
Nydelige legder!
Fint å nyte nista i solvarmen etter ein strålande tur på breen.
Fint å nyte nista i solvarmen etter ein strålande tur på breen.

Takk nok ein gong for staselig tur ilag Brit Siv Fimland

User comments

  • -
    avatar

    nydelig!

    Written by kobbenes 23.10.2019 14:07

    For ein fin tur og flott område! eg må få meg fleire turar opp i der!

    • -
      avatar

      Sv: nydelig!

      Written by Eikås 25.10.2019 20:21

      Ja, her lyt du jammen suse mykje meir rundt Kristian :) Det skulle vore artig å bli med på klatreturer i dette området. Det er fantastiske kontraster ifrå hav, fjord til fine tinder og til breen. Vi har mykje fint ifrå nord til sør i dette landet. Men eg trur dette er heilt spesielt, på ein annan måte. Det på grunn av den heilt unike geologien i dette området og det i ein verdens sammenheng. Eg synest dette området rett og slett berre er utruleg interessangt og spennande å utforske! :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: nydelig!

        Written by kobbenes 25.10.2019 20:51
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: nydelig!

          Written by oddis 26.10.2019 10:26
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv: nydelig!

            Written by kobbenes 26.10.2019 11:50
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.