Skakstøylheii og nabotopper (15.09.2019)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Store Reiårsvatn (520m)
Endpoint Store Reiårsvatn (520m)
Characteristic Hike
Duration 6h 00min
Map
Ascents Geitryggen (725m) 15.09.2019
Høystøylfjellet (717m) 15.09.2019
Kleivstøylheii (771m) 15.09.2019
Longelifjellet (741m) 15.09.2019
Skakstøylheii (780m) 15.09.2019
Skjoldmøynuten (656m) 15.09.2019

Kjørte bomvegen (50 kr) opp til Reiårsvatn dagen før for tur til Stimningi på vestsida av Reiårsvatn. I dag blei det ein lenger tur på austsida av Reiårsvatn. Gjekk på ein grusveg opp mot Geitryggen og så var det skilta/ merka sti som eg fulgte opp til Skjoldmøynuten og Geitryggen som er flotte utsiktstopper over Setesdalen. Så ut i terrenget ned den bratte sørsida og opp til Skakstøylheii som har tre nokså jamnhøge topper. NV-toppen er høgast, men flottast utsikt frå trigpunktet på austkanten. Kom inn på ein ny sti sørover som eg fulgte ned til skaret mot Kleivstøylheii. Den stien går nok ned til Morstøyl, men eg fortsatte i skogsterrenget sørover til Kleivstøylheii og Longelifjell. To jamnhøge topper der, men trigpunktet er høgast. Så nordover igjen via 717-toppen til Morstøyl. Derfrå på god grusveg ca 3,5 km tilbake til utgangspunktet. Sterk vestavind denne dagen med lette regnbøyer, men sol mesteparten av tida.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.