Eggenibba over og rundt (05.10.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 43min
Distance 12.5km
Vertical meters 873m
GPS
Ascents Eggjenibba (1,338m) 05.10.2019 15:07
Eggjenibba S1 (1,296m) 05.10.2019 15:47
Eggjenipa S2 (1,260m) 05.10.2019 16:20
Eggjenibba S3 (1,050m) 05.10.2019 17:03

Fantastisk opplevelse å gå på Eggenibba som hausttur. Ja det var no både sommar, haust og vinterfølelse av denne turen. Vi var litt spente på korleis dette skulle gå sidan vi viste at det var kommen snø på toppen. Tur fullført, so kan vi berre legge til at snø vart ei del av krydderet i denne totalopplevelsen.

I bratta etter 15 min, vart vi litt i tvil då det var ein del is i stien og på svaparti, og opptak. Men det gikk greitt. Oppå ryggen møtte vi på meir snø enn rekna med. Rett og slett djupsnø innimellom. Eit par med eit lite barn i meis gikk rett før oss. Vi var difor privilegerte med trakka spor. Dette kom godt med etter passering toppen, og vidare på rundturen. Men fyrst, vel oppå ryggen var det ikkje lenge før utfordringane kom tett. Is, djupsnø, og heftige opptak, men med kjetting til å halde seg i til hjelp. Sidan det var isete innimellom kunne det gjerne ha vore fleire kjetting-strekk. Men vi hadde da kjetting på beina, og nett det var til super hjelp i dag. Dei unge som gikk før oss, hadde ikke snøkjetting. Eit par stader ville eg ha følt meg utrygg utan. Men dette er ulikt korleis ein reagerer. Like under 3 timar, så stod vi på toppen. Super følelse. Meistring, snø som blenkte, haustfargar nedi dalen og grøne bøar. Og snøkledde vakre fjell i alle retningar. Og nokre brear.

Etter å ha nytt 360 panorama ei tid, samt teke ørten bilete, labba vi vidare i djupsnøen sørover. Det var tungt, men utruleg vakkert å gå i sola bortetter fjellet. Nokre "grøne" toppar fekk vi også med. Nedstigning til dalen på returen var morro. Gikk bratt inntil svarte berget. Trygt, men det ser heilt uframkomeleg ut nedanfrå. Snart var vi nede på ein støl der dei for sikkerheits skuld hadde lagt sela bakom nokre kjempesteinar, som nok har komme i ras. Fasinerande. Så var det transportetappe i skuggane sin dal vidare nedsatt til bubilen. Passerte ein fin støl rett før parkeringa. Detten turen var ein utruleg fantastisk opplevelse !!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.