Tussan, Måsvassheia og Skreåfjellet (03.10.2019)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Haugaskaret P-plass (200m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Måsvassheia (569m) 03.10.2019
Settemsvarden (729m) 03.10.2019
Skreåfjellet (718m) 03.10.2019
Stortussen (765m) 03.10.2019
Midtre Tussan (746m) 03.10.2019
Vassdalsheia (714m) 03.10.2019
Visits of other PBEs Jutulbu (400m) 03.10.2019

Nedbør hadde gjort sitt til at toppane i Trollheimen framleis låg dekte i snø, klare for å ta i mot kong vinter om ikkje så alt for lenge. Nede i meir lågtliggjande strøk hadde derimot nedbøren kome som regn, og bidratt til å rydde unna mykje av det lille som tidlegare hadde lagt seg med bud om kaldare tider. Difor var det no ypperlege moglegheiter for å få seg ein tur eller to utanfor Trollheimen, og krysse av nokre toppar på "surnadalslista".

Med det blei det oppstart frå Haugaskaret p-plass i retning Tussan. Turfølgjet for dagen hadde våre oppe på sondering dagen før, og kunne rapportere om delvis bløtt, men likevel fint føre. Slik gjekk turen opp til Tussan sin første topp effektivt og fint, og etappane over mot Midttussen og Stortussen bydde heller ikkje på store utfordringane.

Etter litt om og men fann vi ein grei veg ned frå Stortussen i retning Måsvatnet, som vi passerte på nordsia. Derifrå bar det opp i tungtrødd terreng til Måsvassheia. Her blei ettermiddagskaffen sjenka medan vi beskudde den imponerande vestsida av Skreåfjellet. Opp dit blei ruta lagt frå nord, opp om og over Vassdalsheia. Frå toppen viste det seg å gå ein markert sti ned lia, som vi berre så vidt mista synet av før vi var inne på T-merka sti som tok oss fram til Jutulbu, kor det blei ein siste rast i solveggen med det som var att på termosen. Stien endte nede ved sørsida av Haugavatnet, og turen blei avslutta med vandring langs asfaltvegen tilbake til bilane. Ein flott rundtur i et terreng som eg vil seie er finare enn ein kanskje først skulle tru.

Posør ved ei av fleire små Tjønner vest for Måsvatnet.
Posør ved ei av fleire små Tjønner vest for Måsvatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.