Hjortahorgi og Torfinnshorgi (02.10.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Torfinnshorgi (1,343m) | 02.10.2019 14:14 |
---|---|---|
Hjortahorgi (1,350m) | 02.10.2019 16:03 | |
Skjemmehorgi (1,350m) | 02.10.2019 17:05 | |
Visits of other PBEs | Tesdalen p-lomme (500m) | 02.10.2019 11:14 |
Etter ein meget god hotellfrukost i Myrkdalen, satt vi kurs mot Tesdalen i Bordalen sør for Vossavangen. Der parkerte vi i jordekanten, og gjekk i vegen oppover. Bilvegen vidare oppover var så-som-så, men da vi kom opp på høgaste punkt på vegen (om lag 730moh) sto det parkert eit par mellomstore SUVer der.
Oppover frå Roksbotnen fann vi ikkje noko råk, så vi gjekk i terrenget oppover, og følgde nokon lunde spora til peakbookere som har gått turen før. Ved Skaret tok vi rett nordover mot Torfinnshorgi, og vi kunne delvis følgje DNT-merka råk.
Frå Torfinnshorgi var det ganske kupert over til Hjortahorgi. Det same var terrenget ned att frå Hjortahorgi, og vi tok turen oppom Skjemmehorgi.
Mange av breane som er teikna inn på kartet er enten kraftig reduserte eller fordufta, og nokon brear som eksisterer er ikkje teikna inn.
Ein flott tur.
User comments