Kveldstur til Blåhorna (23.09.2019)

Written by Olaeros (Ola Esten Røssum) GSM

Map
Ascents Heimste Blåhornet (1,354m) 23.09.2019
Fremste Blåhornet (1,478m) 23.09.2019
Liavarden (803m) 23.09.2019

Med Erlend. Starta frå krysset nedanfor parkeringa til Liavarden. Jogg/rask gange opp til Liavarden, der vi tok ei vurdering på resten av turen. Planen var første del av SFTR-løypa, og med vindstille shortsver gjekk vi for den planen. Siste 150 hm opp til Fremste Blåhornet var delvis dekt av roten snø, så her gjaldt det å navigere frå stein til stein. Hadde frykta det skulle bli kaldt og ubehageleg med shorts og joggesko, men det gjekk veldig greitt. Fekk eit flott utsyn over tindane vestover, med sola hengande lågt over.

Bakdelen med den veldig fine solnedgangen, var at sola gjekk ned, og vi innsåg at det kom til å bli mørkt på eit tidspunkt. Rask gange ned og opp til Heimste Blåhornet, og ned langs ryggen i stadig dårlegare lys. Kom oss trygt ned brattene før det vart heilt mørkt. Lykta som har fast plass i sekken hadde sjølvsagt vorte gløymt denne gongen. Lars hadde snakka om "ein sti som gjekk ned til setra frå ein trimpost på ein haug på myra", men denne var det fåfengt å begynne å leite etter i det som etterkvart kan kallast stupmørkre.

Vi fann posisjonen på kartet, og visste at vi skulle rett ned lia og gjennom bjørkeskogen til vi kom til hyttene og etter kvart veg. Peika nasen rett nedover, og brukte det vi kunne finne av bjørkestammar å halde oss fast i medan vi følte oss fram med beina for å unngå terrengfeller og grov ur. Eg hadde 15% batteri på telefonen, og vi bestemte oss for å bruke lyset frå den til å ta oss raskt fram til hyttene og finne bilvegen.

Lyset hjalp mykje, og vi kom greit fram til første hytta. Det som på kartet såg ut som ein bilveg, var i realiteten (viss vi var der vi trudde at vi var) ein smal sti over ei myr. I det vi legg ut på myra, sloknar telefonen, og vi står der i mørkret. Kjem oss fram til vasskanten og skjønner at vi er for langt sør. Eg gjennomfører eit vellykka gjenopplivingsforsøk på telefonen, og det lyset vi får blir utnytta i svært raskt tempo til vi finn tilbake til stien som stadig blir betre. I det vi kjem ut på ein leirplass og ser bilvegen foran oss, blir lyset borte for godt. Flaks! Lett jogg i mørket tilbake til bilen.

Ein flott tur i uvanleg varmt haustver. Lykta blir med neste gong, men det vart i det minste ein tur vi hugsar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.